KM Terrengløp er utsett

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Mar 2020

Utsett KM.mp4

Pga den pågåande koronasituasjonen har vi utsett KM Terrengløp på ubestemt tid.  Vi får sjå om det blir aktuelt på ettersommaren/  hausten.



0 Kommentar

NM Halvmaraton til Gloppen i 2021!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Mar 2020

I går kveld kom denne supre meldinga tikkande inn på epost:

"Det ble i styremøte i NFIF 4. mars 2020 besluttet å tildele dere NM halvmaraton 2021. Gratulerer!"

Fantastisk god nyheit, som vi har venta spent på, etter at vi i januar søkte på akkurat dette arrangementet. 

NFIF seier at vi førebels kan beholde første laurdag i oktober som arrangementsdato, slik vi har hatt det som dato for dei årlege Gloppen Halvmaraton. Med andre ord: Gloppen Halvmaraton = neste års Gloppen NM Halvmaraton.

Det er difor også kjekt å informere sponsorane som vi har vore i kontakt med at dette med NM-status no er endeleg bestemt, og at vi set alle klutar til for at vi får arrangementspakken Svinestranda Opp 2020 og 2021 / Gloppen NM Halvmaraton 2020 og 2021 til å bli noko som profilerer Gloppen, idretten og laget vårt på beste måte!






0 Kommentar

Innbyding til Svinestranda Opp

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 2. Mar 2020


INNBYDING OG PRAKTISK INFORMASJON FOR SVINESTRANDA OPP 2020

Innbyding Svinestranda OPP 2020.docx


0 Kommentar

Sponsor/ Samarbeidspartnarar

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Feb 2020

Svinestranda Opp og Gloppen Halvmaraton er to arrangement som har tradisjon i Fjellhug/Vereide IL.  Næringslivet i Gloppen hjelper oss kvart år med sponsormidlar for desse (og andre ) arrangement.  For å ha litt langsiktigheit både for oss og bedriftene, ønskjer laget å få til sponsorpakke som inneheld desse to arrangementa både i 2020 og 2021.  Svinestranda Opp er i 2020 eit NorgesCup-løp, medan vi også har søkt NM-status for Gloppen Halvmaraton.  

Til no er firmaet i biletet over med på opplegget, og fleire kan det bli i løpet av neste månad.  Det som vi opplever som felles for desse tre, er eit samfunnsansvar som går vidare enn botnlinja i firmaet.  Dei ønskjer å bidra til at dugnad, frivilligheit, og aktivitetsskapande tiltak skal finne stad i lokalsamfunnet vårt.  Det set vi i idrettslaget stor pris på, og vi har ingen problem med å anbefale at  folk nyttar seg av tenestene til                                                                       Accountor, Frydenbø og Nordfjord Laks!


0 Kommentar

Kan du vere med på dugnad for Fj/Vereide?

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Feb 2020

Dugnad for Fjellhug/Vereide IL

 Oppdrag vi utfører genererer godt med penger til laget, og er såleis viktig for oss.

 Vi har blitt spurt om følgande:

Personell Glopperock 2020 (12. - 14.juni). I hovudsak laurdag 13.juni, servering og rydding

Bryllaupservering 1.august 2020 -  7-10 personar, servering og rydding, blir halde på Austrheim

 På begge arangementa må personar være over 18 år.

 Om du har moglegheit til å stille, kontakt Roger Sunde Andenæs i Økonomigruppa på 95193341 / rsandenes@gmail.com

 

 


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline