Kjempegodt basarresultat!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Nov 2019

Fjellhug/Vereide IL vil takke alle som bidrog med gevinst, kjøpte lodd og møtte opp på basaren i Haugtun søndag 15.11.

Nettoresultatet vart kr.54.000,-

Vi takkar spesielt handelstanden på Sandane og omegn for alle dei fine vinstane.

Handle lokalt!


0 Kommentar

Heider til Else Margrete

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Nov 2019

På idrettsbasaren vart det delt ut pris til leiar i laget, Else Margrete Larsen.  Statuttane for Heidersprisen er slik:

  1. Heidersprisen kan delast ut til personar som 
  2. - Administrativt og/eller som aktiv har gjort ein stor innsats for idretten i Fjellhug/Vereide IL
  3. - Eller på andre måtar gjennom mange år har ytt Fjellhug/Vereide IL ei stor teneste

Else Margrete har vore ein energisk og strukturert leiar, som har jobba for å gje laget ein organisasjon som er beskriven i ein organisasjonsplan, og med oppgåvene definert inn i den.  Ho har også som leiar vore ein pådrivar i tyngre saker som utbygginga på Kleivane til det anlegget det er vorte, grunnavtalar, og andre formalitetar i mellom anna finansiering, kjøp av trakkemaskin, m.m., her i godt samarbeid med skigruppa.  Ho set krav til oss andre i klubben, og er ei ryddig dame. 

Ein velfortent pris, som kom veldig overraskande på ho, ettersom styret har greidd å handsame denne tildelinga i stor hemmeligheit for styreleiaren!


0 Kommentar

Treningstider

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Nov 2019

Treningstider finn du  HER


0 Kommentar

Fjellhug/Vereide på Landsbylaurdag

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Okt 2019

Landsbylaurdagen i morgon står i organisasjonane sitt teikn. Ulike lag og organisasjonar i kommunen får høve til å markere seg på stands i sentrum, og reklamere for seg sjølv.

Fjellhug/Vereide har lagt opp til også å delta, og vi vil setje opp eit partytelt der vi skal ha ulike aktivitetar.

Vi håpar at medlemer vil hjelpe til med å vise oss fram, og også å kome innom standen.  Kleivane Skianlegg er mellom anna eit stort aktivum for laget, og vil få høve til å marknadsføre seg.  Det same vil gjelde for dei andre gruppene.



0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline