Innbydelse til km sprint

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 31. Aug 2017

Lørdag 9. september er det km sprint i Sogndal.

Følg link under for mer informasjon.

KM-sprint


0 Kommentar

Magnar og Magnus på Hovedløpet

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 12. Aug 2016

Magnar Slagstad og Magnus Eide deltok 5.-10.august på Hovedløpet i orientering og påfølgande o-landsleir på Konnerud ved Drammen.


Laurdagen var det gatesprint i byggjefelt på Konnerud. Her gjorde Magnar eit flott løp og vart nr 46 av 72 startande, og var best av dei 3 gutane frå Sogn og Fjordane i klasse H15. Magnus vart nr 64 i klasse H16.

Søndag var det krevjande langdistane og gutane fullført i flott stil, men litt bomming og litt nede på lista med 53. og 65.plass.

Dei neste to dagane var det o-landsleir med mange ulike aktivitetar og treningar. Mellom anna eit "morro-løp" der postar låg ute i vatnet og det var kryssingar av djupe dammar

Gutane reiste saman med to andre frå Sogn og Fjordane og budde på klasserom saman med 13 deltakar frå Rogaland som dei vart godt kjende med etter mykje kortspel og fotball.

Leiren vart avslutta med kretsstafett. Dette er ein mixstafett med 2 jenter og to gutar. I og med at det ikkje var med jenter frå krinsen, stilde gutane i opa klasse. Dei gjorde alle gode løp, kanskje sine beste denne veka, og Sogn og Fjordane vart nr 4 av 16 startande lag i opa klasse.


1 Kommentar

Fjord-O

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 17. Jul 2016

Magnar Slagstad stemplar på siste post

Siste veka har Fjord-O/Nordvestgaloppen blitt arrangert.4 løp har blitt avvikla, to ved Vangen skisenter i Stryn og to i Ålesund. Fjellhug/Vereide var representert på dei to første løpa. Magnar Slagstad og Magnus Eide fekk kvar sin 7.plass som beste i klasse H15-16. Else Margrethe Larsen si beste plassering var 4.plass i klasse D17C.

Magnus Eide på veg mot mål


0 Kommentar

3 KM-sølv til Fjellhug/Vereide

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 13. Jun 2016

Famililen Eide deltok på KM i orientering mellomdistanse i Fjærland. Start og mål var ved Brevasshytta like ved Bøyabreen ved utløpet av Fjærlandstunnelen. Det blei 3 sølv på denne gjengen, Else Margrethe i D50, Magnus i H15-16 og Vidar i H50. Oda blei nr 2 i klasse C open som ikkje er medaljeklasse.

Resultatliste her: http://www.sogndalidrettslag.no/aktuelt/2016/km-me...

Forrige helg var klubben representert på Rotekoppen på Utvikfjellet. Her blei det dobbeltsiger i klasse H15-16 til Magnar Slagstad og Magnus Eide etter ein spennande innspurt dei imellom.


0 Kommentar

Treningsløp i orientering

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 9. Jun 2016



Komande fredag (10.juni) arrangerer Breimsbygda IL treningsløp i orientering. Vi brukar

postane frå Rotekoppen og har løypene 1,5 km, 2 km, 3km og 5 km. Vi møtast ved

skytebana til Vikane like ved Karistova. 30 kr i startpengar. Start kl 18.00. Vel møtt

!!



På Åsebø er det no sett opp ei løype som vert hengande der nokre dagar. Kart heng på oppslagstavla på postkassestativet ved byggefletet på Aplaset. Det er ei forholdsvis lett løype. Alle som vil kan prøve. Lykke til!


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline