Skitrening på Kleivane mandag 30. Des.

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Des 2014

Trening med Mari på Kleivane,måndag kl.18.30, klassisk stil. Vel møtt.


Trening på Kleivane

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Des 2014

Ei litt forseinka melding, men kanskje nokon kan ha nytte av den likevel: Trening med skøyteski på Kleivane i dag frå kl 12.00. Instruktør: Mari Eide.




Fleire skirenn på terminlista:

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 25. Des 2014




SSF Cup – Hodlekverennet 2015


Søndag 04. januar går første arrangementet i årets SSF Cup av stabelen i Hodlekve.

Meir informasjon finn ein på
www.skikrinsen.no



Ullsrennet 2015


Laurdag 10. januar går Ullsrennet 2015 av stabelen.

NB! Grunna kollisjon med KM i skiskyting vert stafetten på Ullsheim som skulle avviklast 11. januar flytta til 28. mars.

Meir informasjon finn ein på
www.skikrinsen.no






Skitrening for born i jula

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Des 2014

Det blir skitrening på tysdag,vesle-julafta kl.18.30 på Kleivane. ca 8 år og oppover.Det blir nok delt inn i puljer om mange møter.
Trening i fristil.

Mari Sollid Eide (biletet) er heime på juleferie og vil hjelpe til med treningar i jula.
Alle er velkomne.



Kleivane på sitt finaste!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Des 2014




Julafta er kanskje ikkje den dagen ein forbind med Kleivane og ski, men i dag hadde mange funne vegen til skianlegget. Rundt 25 bilar og mange store og små i løype og bakkar. Med dei fine meldingane som er for 1. juledag, vil det nok bli folksamt rundt skihytta, og i flott oppkøyrde løyper.

Fleire bilete finn du under "Galleri" i menyen over



G O D J U L !

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 23. Des 2014


GOD JUL TIL ALLE FRÅ FJELLHUG/VEREIDE IL!


Herretrim på folkehøgskulen frå mandag 8. januar

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 23. Des 2014



Julepresang til alle karar i Fjellhug/Vereide il: Trim-gruppa startar opp med herretrening på NORDFJORD FOLKEHØGSKULE torsdagar kl 20 - 21. Til og med med badstove i etterkant av treninga! Første treningskveld er torsdag 8. januar.




Ronny har køyrt opp løype på Kleivane!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Des 2014



Ronny har køyrt løype på Kleivan. Som de ser er lysløypa til venstre klar, og vidare er det oppkøyrt etter vegen til Bergsstøylen.

Berre å kome seg opp i høgda!



Svinestranda Opp

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Des 2014



Du finn litt førebels stoff om Sveinestranda Opp under Arrangement i menyen over: Svinestranda Opp




Ribberennet

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 17. Des 2014

Ribberennet 2014

2. juledag inviterar langrennsgruppa i Førde IL til det svært tradisjonsrike Ribberennet.

Ribberennet vert avvikla ved Langeland Skisenter



Meir informasjon finn ein på www.skikrinsen.no




Ski-nytt (terminfesta skirenn)

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Des 2014




Innbyding I


Bjønnastarten 2014
Laurdag 20. desember ynskjer IL Bjørn velkommen til Bjønnastarten 2014.
Som vanleg markerar Bjønnastarten at langrennssesongen endeleg er i gang i fjordafylket.

Les heile saka på www.skikrinsen.no


Innbyding II

Sprintstafett i Vik, laurdag 27. desember 2014
Laurdag 27. desember ynskjer Vik IL velkommen til sprintstafett i friteknikk ved Vik Skisenter.

Innbyding og meir informasjon om arrangementet finn ein på www.skikrinsen.no





Årskort på Kleivane - ei julegåve til deg sjølv, eller ein nabo!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Des 2014




Seint ute med julegåve til den som har alt?

Årskort på Kleivane skisenter for 2015 kan kjøpast på G-sport (Henden) og Statoil til kr 500.-
Ein kan også betale på nettbank til k.nr. 3710.30.87512 og mrk med p-kort. Då får du det tilsendt.
Dagsbillett kjøpast på Kleivane for kr.40.- pr dag.
Ynskjer alle ein fin skisesong.



Julegåva til den som har (nesten) alt

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Des 2014

Langrennsportens venner hue 2015 til sals. Veldig fin julegåve !
Kr.250.- Kontakt/sms Astrid Hauge,41504566.
Langrennsportens venner hue 2015 til sals. Veldig fin julegåve !
Kr.250.- Kontakt/sms Astrid Hauge,41504566.


Basar: 18. januar er ny dato!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Des 2014




Som dei fleste har fått med seg, er den årlege basaren utsett til over nyttår. 18. januar går den av stabelen, og planleggiunga er i gang, med økonominemnda, og Anders Gloppestad som primus motor.

Kvar gruppe stiller med ein person for å hjelpe økonominemda i den praktiske tilrettelegginga av basaren.


Nydeleg på Kleivane

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Des 2014

Då er alt klart for ein skikkelig skisøndag for dei som vil det 󾌰
Stadion og lysløypa er oppkjørt

Biletet er frå søndag, men snøen er sikker minst like fin i kveld!






Nytt frå O-gruppa

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 8. Des 2014



Magnus Eide og Magnar Slagstad, med Thomas Natvig Årstad i midten


Tysdag 2.desember kom rekrutteringsturneen til Norges Orienteringsforbund

til Sogn og Fjordane. Det var samling på Skei der Magnar Slagstad og Magnus

Eide deltok på opplegget "Møt en mester". Der fekk dei og 7 andre ungdomar

frå fylket møte Thomas Natvig Årstad og fekk inspirasjon til vidare trening

og satsing frå han. Det var råtassløp med hovudlykt i området omkring Skei

skule med påfølgande film og foredrag frå "mesteren".



Samstundes fekk dei vaksne prøvd seg på ulike øvingar som er aktuelle å

nytte på treningar, med påfølgjande diskusjon/erfaringsutveksling omkring

rekruttering til orienteringssporten. Vidar Eide deltok frå Fjellhug/Vereide

på dette.



Treningssamling

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 2. Des 2014



Treningssamling i GFIL, sjå her: http://www.gloppenfil.no/home/index.rails?pid=4119&



Trygve nr. 14 i BUL-sprinten

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Des 2014

Trygve Henden Gås fekk ei ny fin plassering i helgas sprint på Gålå. Han vart nr 14 totalt, etter å ha vore nr. 3 i kvartfinalen. God start på sesongen for skiløparen vår!

http://emitliveserver.cloudapp.net/binary/Bul_fredag_menn_senior.PDF




Skisesongen startar opp - med ei utsetjing

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Des 2014

Bjønnastarten er utsett
Den tradisjonsrike Bjønnastarten som opphaveleg er terminfesta laurdag 06. desember, er utsett til laurdag 20. desember 2014.

Meir informasjon finn ein på www.skikrinsen.no





Trygve Henden Gaasø i kvartfinalen på Beito-sprint

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 23. Nov 2014

Trygve Henden Gaasø kvalifiserte seg til kvartfinalen i sprinten på Beitostølen søndag. Etter ein god start, der han også var oppe i leiinga, vart han til slutt nr. 5 i heatet. Kjekt å sjå Fjellhug/Vereide-namnet tilbake på TV-skjermen, og vi håpar at Trygve får ein god sesong!



1 Kommentar

Friidrettssamling

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Nov 2014

GFIL legg opp til ei friidrettssamling i Gloppen laurdag 6. desember. Program:

11-12:30 Loggane (kast, evt. kastburet i hallen), løpsøkt ute.
13-13:30 Felles lunsj i Trivselshagen
13:30-17 Heim for å kvile...
17-19 Kastøkt i buret + sprintøkt på bana inne (fotocellemåling). Avslutting med felles basisøkt
20:00 Felles middag

Høyrest dette kjekt ut? Fyller du minst 13 år i 2015, er du hermed invitert! Gje melding til Nils Ove Roset, tlf 41415380 innan 30. nov. Fjellhug/Vereide betalar denne gongen eigenandelen for dei som er med frå vår klubb.


Trimgruppa - treningstider

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 3. Nov 2014

Fjellhug/Vereide IL

Trim på Nordstranda skule:
Sirkeltrening for alle, måndagar kl. 19.00 – 20.30. Oppstart 29. sept.
Dametrim, tysdagar kl. 19.30 – 21.00. (endra frå kl 20.00)
 
Trim på Nordfjord Folkehøgskule:

«Folkis»Trim (ballspel, mest fotball/volleyball), torsdagar kl. 21-22. Er godt i gang.



Ingunn i New York Maraton

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Nov 2014

I morgon har Fjellhug/Vereide for første gong ein deltakar til start i Marathon! Det er Ingunn Vereide, busett på Austlandet, som har teke turen over Alanteren, og stiller i New Yorks gater. Ho melde seg inn att i Fjellhug/Vereide i haust, då ho hadde bestemt seg for turen, og det er vi jammen stolte over!

Som jente var Ingunn ofte med på friidrettsstemne, og det var ei jente med god spenst. Ho har framleis lagsrekorden i høgde utan tilløp med 1,24 frå 1981. Fullfører ho i New York, vil ho ha noko så sjeldan som lagsrekord i høgde u.t. og maraton. Ein flott kombinasjon!


På startstreken i New York Marathon

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Nov 2014




Etter løpet: Ingunn kom i mål på 4.21, ei tid som ho er svært godt nøgd med, og "langt innanfor målsettinga", slik ho utrykkjer seg på facebook. Gratulerer, Ingunn - dette var ein flott prestasjon!



I morgon har Fjellhug/Vereide for første gong ein deltakar til start i Marathon! Det er Ingunn Vereide, busett på Austlandet, som har teke turen over Alanteren, og stiller i New Yorks gater. Ho melde seg inn att i Fjellhug/Vereide i haust, då ho hadde bestemt seg for turen, og det er vi jammen stolte over!

Som jente var Ingunn ofte med på friidrettsstemne, og det var ei jente med god spenst. Ho har framleis lagsrekorden i høgde utan tilløp med 1,24 frå 1981. Fullfører ho i New York, vil ho ha noko så sjeldan som lagsrekord i høgde u.t. og maraton. Ein flott kombinasjon!

Biletet: Ingunn på sightseeing i New York (biletet er henta frå Facebook)




Skihue til sals!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 31. Okt 2014

Langrennsportens venner hue 2015 til sals. Veldig fin julegåve !
Kr.250.- Kontakt/sms Astrid Hauge,41504566




Heimesida - KOM MED STOFF!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 30. Okt 2014

Vi går mot vintersesong, med ski ute, og ballidrettar inne. Her må vi få meir stoff inn på heimesida! No er ein komen over dei første startvanskane med ny heimeside, så då må vi bruke den for det den er verdt.

Vel og bra med Facebook-sider, og det må gjerene brukast som eit raskt og godt supplement, men heimesida vår er også viktig for dei som ikkje er knytt opp mot dei ulike facebookgruppene, ikkje er på FB i det heile teke, og for dei mange utanfor Fjellhug/Vereide som følgjer med oss.

Så send stoff til dagfinn.nyhammer@enivest.net (word-format), send bilete i jpg-format, så skal eg etter beste evne prøve å få det inn på sida.

Det aller beste er om gruppene skriv sjølve, her kan redaktøren gje førstehjelp til det mest elementære som skal til for å publisere stoff. Skriv du sjølv, vert stoffet rykande ferskt (noko som er ein føresetnad på internett-medium).

Dagfinn


Trening for born

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Okt 2014

Friidrettstrening saman med STIL og Brodd i Trivselshallen kvar tirsdag kl 17-18. For dei som er fødde 2003-2005. Løp, hopp og kast.

Dei som er eldre har friidrettstrening torsdagar kl 19.00-20.30




Så vart det halvmaraton likevel!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Okt 2014

Med det veret som både var meldt, og var ein realitet, hadde vi i Fjellhug/Vereide ikkje venta at nokon kom til å stille på ein halvmaraton i dag. Men skal ein springe 21 km er ein også tøff nok til å tåle kuling og regn.

Helge Hafsås frå Olden var som så mange gonger før den raskaste, og han var svært nøgd med tida si; 1.20,18. Beste tida i år, iflg. han sjølv.

Nr. 2 i mål var Eirik Hellerud frå GFIL/Brodd. Han har berre delteke på ein halvmaraton før, og tidea hans, 1.30,51, er 10 minutt forbetring.

Einar Strand, Olden om inn som nr. 3, med tida, 1.41,24. Ikkje langt bak var vår lokale veteran Jan Erik Roset, GFIL. Han var nogså svært nøgde med tida si, 1.41,56.

Nr. 5 var Sindre Humberset, GFIL/Fj/Vereide, som hadde som mål å kome under 2 timar. God margin; sluttida hans vart 1.52,49.

Biletet: Helge Hafsås, Olden



Halvmaraton

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Okt 2014

  • Halvmaraton: Dårleg ver, men her er i alle fall nokon som vil delta. Vi møtest ved STIL-stova før start. Då kan det vere at vi finn ut følgjande:

  • 1: Der er løparar som har lyst å springe, og då vert det løp
    2: Løparane kan vere samde om at dette er for surt, vi prøver ein søndag seinare, i håp om at det enno kan finnast finever på YR.no
    3: Vi prøver igjen til våren, for halvmaraton SKAL vi ha!
Hugs; det vinst ikkje dårleg vær, berre dårlege klær (og "knær").


Halvmaraton på Sandane 26. okt!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 19. Okt 2014

Søndag 26. oktober prøver vi oss med ein halvmaraton på Sandane. Det er "just for fun", slik at dei som enno ikkje har fått seg ei tid på denne distansen tidlegare, kan få det. Og dei erfarne kan få seg ei flott søndagsøkt; kanskej det vert årets siste langløp for nokon?

Vi startar ved STIL-stova presis kl 13. Løypa går via elvaneset, Bukta, utover Sørstranda, og vendepunkt er eit lite stykke forbi avkøyrsla til Ivahola (gamle bossplassen).

Kom gjerne med kommentarar og ønskjemål, dette skal vi prøve å gjere så "artig" som mogeleg. Vi håpar verkeleg at her vert eit fint felt, her er plass for alle, frå mosjonistar til dei meir trena.

Sprei bodskapen til dei du trur har interesse av det, del villig vekk!


1 Kommentar

Friidrettstrening på tirsdagar

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Okt 2014

Saman med Brodd og STIL har vi friidrettstrening i Trivselshallen kvar tirsdag kl 17-18.
Dette er trening for dei som er fødde i 2003 - 04- og 05.

For dei som er fødde i 2002 eller tidlegare, er det trening på torsdagar kl 19 -21.





Rulleski-trening

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Sep 2014

Vi har starta opp med rulleskitrening for deisom er ca 10 år og oppover.Oppmøte laurdagar kl.16.00 i Kjørvika, og vi går motKandalen, derer det lite trafikk og god asfalt.

Laget har kjøpt inn 10 par rulleski,so dei som vil prøve må berre kome.
Viktig at skiskoa passar til NNN system på bindingen.
Alle må ha hjelm og refleksvest. Skistavane bør ha rulleskipigg (det får ein kjøpt på sporten),ein kan
ta av dei vanlege trinsene,og sette på rulleskipigg.

Er det noko de lurer på,kan de kontakte Sverre eller Jonfinn.
Elles er foreldra med. Dei kan gjerne ha med sykkel.

Håpar mange vil kome og prøve, det er veldig kjekt.

-Skigruppa-


Siste Gloppe-Trim i år

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 25. Sep 2014


Årets siste Gloppe-Trim: 


2 km
2002 Rauset Simen 7,04
2004 Ravnestad Ole Jin Woo H 7,47
2005 Rauset Mathias 7,57
4 km
1968 Rauset Eivind 15,27
1971 Roset Jan Erik 16,05
1973 Humberset Sindre 16,55
1997 Roset Ingrid Hjelle 17,26
1948 Bruun Ivar 19,07
1959 Skaaden Mariann 19,23
1995 Guddal Frank 20,14
1966 Engelstad Ivar 23,40
1953 Eimhjellen Ragnhild 24,01
Utan tidtaking
Alme Anne Marie
Apalset Marit
Bakkelid Anne Kristin
Bakkelid Heidi
Bakkelid Sara
Elvebakk Lise
Elvebakk Margunn
Engelstad Ole Kristian
Fagerli Frode
Gautefall Åsne Viken
Gjengedal Marie
Henden Arnold
Hjartholm Vegar
Hjelle Jon Bjarte
Hjeltnes Kjellrun
Holme Britt
Håbrekke Kari
Kirkhorn Kenneth
Klausen Karoline
Lothe Steinar
Lundar Una Ingeborg Gaasemyr
Mykland Anita
Netland Aud Karin
Nyhagen Ola
Oen Sivert
Oen Vilde
Oen Yngvill
Rauset Eirik
Roset Birgit Hjelle
Roset Håkon Hjelle
Roset Nils Ove
Roset Olina
Roset Åshild
Ryssdal Per
Ryssdal Randi
Sande Ronald
Sandvik Andreas Elvebakk
Sandvik Terje
Tystad Else
Underthun Pål Asbjørn Nyland
Ytredal Kari

1 Kommentar

Styremøte i Fjellhug/Verei i kveld

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Sep 2014

Det er styremøte i idrettslaget i kveld.  På Saklista finn ein m.a.

- Status økonomi
- Sponsoravtalar/innkjøpsavtalar
- Ballbingen ved Nordstranda Skule
- Aktuelt frå gruppene




Holvika Opp på tirsdag, bli med!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Sep 2014

Bli med på Holvika Opp, då vel!  Påmelding ved Stil-stova frå kl 17.30 - start kl 18.00.


https://www.facebook.com/385953694836784/photos/a....


Godt løp av ein hjelmesetar!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 19. Sep 2014

Lars Agnar Hjelmeset, son til ikkje ukjende Odd Bjørn, gjorde det godt på gateløp på knappe 3 km i Oslo i dag, der han vart nr. 5.  Dette var første distanse i Oslo Marathon-helga.  Erik Johannesen Skrede, Førde, vart nr. 4 (på biletet ligg Lars Agnar som nr. 3 og Erik som nr 4)
http://www.kondis.no/altfor-kort-3km-da-yngvild-el...


78 Kommentarer

Ver med og stem!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 19. Sep 2014

Ver med å stem Fjellhug/Vereide il fram til 20 000 kroner!  Gå inn på linken og bruk SMS så det susar etter!

http://meirennbank.no/oppturstemme/



Flora-Mila

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 17. Sep 2014

Innbyding til Flora-Mila laurdag 27. sept.

Distansar : 10km, 5 km og Miniton
PÅMELDINGSFRIST: 27.09.2014 påmelding gjerast på: www.ftif.no
innan kl 1400 løpsdagen. Rabatt ved påmelding på førehand - før 20.09.2014!
Vedr. barneløpet - sjå nedanfor.

Kontaktpersonar:
Rune Osa, Brandsøy, 6900 FLORØ -
57744206 (priv) 91101260 (mob)
Oddvar Grotle - mob 97158513

Start barneløp kl 1330, Påmelding i Strandgt. frå kl. 1200 27. sept.
5 og 10 km Start kl 1500 på Florø stadion, også inkomst her.
Startnummer fås fra kl 1200 på klubbhuset vedrørande 5 og 10km løpsdagen.

Viktig!!! Ved uttrekning av
hovedpremiene må deltaker vere på
banen, elles vert premien trekt om
igjen.

flotte gåvepremiar trekt på startnummer
alle har vinnarsjansar - liten som stor
Floramila eit mosjonsløp for alle
Ellers mange flotte gåvepremier gitt av
:

G. Sport Florø AS - Rema 1000 Amfi– Florø Billistsenter Shell – Puls Treningssenter – Florø Husflid – Vic – Florø Interiør – Coop Extra – Frisøren – Rognaldsen Gartneri – Bistro to kokker –Bistro Samfunnshuset - Larsen Kontor og Data – Hjørnevikbua – Byggservice – Norblikk AS - Expert Hår – Matkroken – Sissels Mote – Mama Rosa – Cubus – Spar Florø Combi – Til Bords Rosmarin Glass – Elkjøp – Euro Sko – Statoil Butikk – Nor Tekstil AS – Diplom Is – Judits Butikk – Tusenfryd blomster – Pizzahjørnet - Sparebanken Sogn og Fjordane – Jernia Snorre Jernvare – Kiwi minipris – Blomster Hagen – Kafe Kandis – Bunnpris – Eurospar Krokane – Sko Olsen – Norli – Vestnes Land – MX Sport Florø – Mekk –Princess- Garn & Brukskunst - Lille Marked -Narvesen - - Coop Marked - LCN Nail & Beauty Center - Saxen Frisør - Jysk - Aroma Cafe



Rulleskitrening

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Sep 2014



Treninga på rulleski er i full gang, og laurdag møtte 16 løparar i Kjørvika.
Dei som møter opp må ha hjelm, refleksvest, skisko (NNN-bindingar), og stavar. 

Fjellhug/Vereide har kjøpt inn 6 par klassiskski, og 4 par skøyte-ski, som har vore nytta på Toppidrettsveka nyleg.  Såleis skulle det vere godt utstyr!

Instruktørar: Arne Nesgård, Jonfinn Aske og Sverre Nesdal Aske.


Merete Helgheim med sølv i nordisk kappgang!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Sep 2014

Merete Helgheim, GFIL tok sølv i nordisk kappgang sist helg. Imponerande!


KVINDER SENIOR - 3000 METER KAPGANG LØR KL. 15.15

( MELLENTID 10000 M )

Nr Resultat Navn Klub
1 14.06.1 SVENSSON Monica -1978 Sweden
2 15.00.1 HELGHEIM Merete Norway
DNS KAASALAINEN Karoliina -1988 Finland

KVINDER SENIOR - 5000 METER KAPGANG LØR KL. 15.15

( MELLENTID 10000 M )

Nr Resultat Navn Klub
1 23.41.5 SVENSSON Monica -1978 Sweden
2 25.04.2 HELGHEIM Merete Norway
DNS KAASALAINEN Karoliina -1988 Finland

KVINDER SENIOR - 10000 METER KAPGANG LØR KL. 15.15

Nr Resultat Navn Klub
1 47.31.27 SVENSSON Monica -1978 Sweden
2 50.50.74 HELGHEIM Merete Norway


Nordstrandsløpet, resultat

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Sep 2014

Ved ei forgløyming har ikkje resultata frå Nordstrandsløpet laurdag 6. september vorte lagt inn på heimesida vår.  Beklagar!  Her er dei imidlertid.  Løpet vart vunne av Max Adams, framfor Harald Slettvoll frå arrangørklubben.   Løpet var det siste i årets Nordfjordkarusell, og samla som vanleg mange deltakarar frå Nordfjord Folkehøgskule. (Biletet:  Harald Slettvoll, frå fjorårets løp)

Resultat:


MennNavnidrettslagPlassTid
M19-22Jonas LøvlandNordfjord Folkeh.skule4(1)22,38
M19-22Thomas Austin StormoenNordfjord Folkeh.skule7 (2)23,59
M19-22Are ReedNordfjord Folkeh.skule9 (3)24,34
M19-22Mikael N. JørgensenNordfjord Folkeh.skule10 (4) 24,35
M19-22Gard S Kvamme BrautNordfjord Folkeh.skule11 (5)25,25
M19-22Håvard RøgenesNordfjord Folkeh.skule14 (6)26,05
M19-22Sondre KalstadNordfjord Folkeh.skule15 (7)26,06
M19-22Erlend KallelidNordfjord Folkeh.skule2028,10
M19-22Magnus LandøyNordfjord Folkeh.skule2429,06
M19-22Andreas HannisdalNordfjord Folkeh.skule2829,33
M19-22Evan Murrey2929,33
M19-22Henrik BrudeNordfjord Folkeh.skule3129,34
M19-22Eivind MolvenNordfjord Folkeh.skule3029,34
M19-22Ole Martin BuraasNordfjord Folkeh.skule3229,45
M19-22Johannes KjærvikNordfjord Folkeh.skule3330,21
M19-22Jon Torstein ToftNordfjord Folkeh.skule3430,25
M19-22Anders EskelandNordfjord Folkeh.skule3530,56
M19-22Martin P. AuestadNordfjord Folkeh.skule3932,1
M19-22Michael OurenNordfjord Folkeh.skule4346,05
M19-22
M 23-34Max AdamsMax idrett1 (1)21,41
M 23-34Adrian Chalupeka3 (2)22,26
MV 35-39Arild VonheimEid motbakke8 (1)24,30
MV 35-39Markus DelerEid Idrett.19 (2)27,20
MV 40-44Harald SlettvollFjellhug/Vereide il2 (1)22,13
MV 40-44Sverre Nesdal AskeFjellhug/Vereide il6(2)22,46
MV 40-44Benny HansenFjellhug/Vereide il12 (3)25,32
MV 40-44Sindre HumbersetSandane18 (4)26,45
MV 45-49Helge HafsåsOlden Idrl.5 (1)22,41
MV 55-59Einar StrandOlden13 (1)25,55
MV 65-69Lars UlvestadGFIL40 (1)33,50
MV 65-69Olav LysloGFIL42 (2)45,27
Kvinner
K 19-22NavnidrettslagPlassTid
Karen Cecilie HansenNordfjord Folkeh.skule16 (1)26,31
Yngvild BergeNordfjord Folkeh.skule17(2)26,32
Runa Karbø OnstadNordfjord Folkeh.skule21 (3)28,20
Anne Mark HøviskelandNordfjord Folkeh.skule22 (4)28,54
Cathrine JulsvollNordfjord Folkeh.skule23 (5)29,04
Marie Fossen NordalNordfjord Folkeh.skule25 (6)29,07
Kristina Rabe SkarsteinNordfjord Folkeh.skule26 (7)29,18
Marthe KjærnetNordfjord Folkeh.skule27 (8)29,24
Oda Larsen LundsæterNordfjord Folkeh.skule36 (9)31,59
Sonja Elisabeth HansenNordfjord Folkeh.skule37 (10)32,10
Marte Elise GulbrandsenNordfjord Folkeh.skule44 (11)46,05


Regionsleikane for 8-12 år

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Sep 2014

Ikkje så veldig mange deltakarar, men dei 35 som stilte opp på årets Regionsleikar på Sandane, hadde ein kjempeflott friidretts-ettermiddag på Idrettsplassen. 60 m, lengde, liten ball og 600 m stod på programmet, og dei fleste var med på det meste.


Det var flest deltakarar frå Fjellhug/Vereide, men STIL hadde også mange med. Av lokale klubbar sakna vi både Hyen og Brodd.


Det er nok det siste stemnet i år for dei fleste, og det siste av mange arrangement som Fjellhug/Vereide har stått for.  Resultatlista finn du under:


   
klasse st.nr Namn Klubb 60 m Lengde liten ball 150g 600 m
G07 37 Erik Gloppestad Solberg Sandane t&Il 13,4 1,81 24,37 dns
G08 21 August Gloppestad Sandane t&Il 12,2 2,05 20,65 dns
G08 31 Sondre S. Søreide Sandane t&Il 13,4 2,13 12,97 dns
G09 23 Christopher Solheim Sandane t&Il 10,4 3,1 28,28 dns
G09 22 Bendik Fuglestrand Sandane t&Il 10,8 dns 28,41 2.09,1
G09 33 Elias Svenfelt Tisthamar Vikane 10,9 2,45 15,52 dns
G09 18 Ørjan Nesdal Aske Fjellhug/Vereide il 11,0 3,08 31,99 2.16,1
G09 30 Simen S Holvik Sandane t&Il 11,4 2,48 20,63 dns
G09 32 Tobias Eimhj. Fjelltvedt Sandane t&Il 11,4 2,46 14,70 dns
G09 3 Arild Fjellestad Fjellhug/Vereide il 11,8 2,13 19,57 dns
G09 34 Elias Nes Skogli Fjellhug/Vereide il dns dns 23,30 dns
G10 15 Roar Fjellestad Fjellhug/Vereide il 10,3 3,20 dns dns
G10 34 Håvard Johan Hilde Vikane 10,4 3,12 26,76 dns
G10 17 Vegard Engeset Fjellhug/Vereide il 10,8 3,22 26,75 2.16,7
G10 7 Johannes Gjengedal Fjellhug/Vereide il 10,9 2,90 35,17 2.20,4
G10 13 Oskar Kristian Fure Fjellhug/Vereide il 11,2 2,69 23,15 dns
G10 12 Mathias Nesgård Fjellhug/Vereide il 13,0 33,64 dns
G11 11 Markus Berle Fjellestad Fjellhug/Vereide il 9,9 3,33 41,78 2.14,3
G11 8 Lars Olav Gjengedal Fjellhug/Vereide il 10,5 2,74 29,31 dns
G12 14 Ove Hjelmeset Fjellhug/Vereide il 9,7 3,56 28,42 dns
G12 1 Kaya van Hulst Breimsbygda 10,3 3,41 31,41 2.13,2
G12 37 Sivert Engeset Fjellhug/Vereide il dns dns dns 2.05,0
J09 35 Katrine Bruland Vikane 10,7 2,51 16,28 dns
J09 28 Kristine S Søreide Sandane t&Il dns 2,73 13,85 2.01,2
J10 25 Emma Gloppestad Sandane t&Il 9,5 3,65 28,37 2.14,5
J10 2 Anne Lovise Krogh Indrebø Breimsbygda 9,7 3,50 29,05 2.25,0
J10 20 Olivia Vollsnes Wemby Oppstryn 9,8 3,78 40,36 2.05,0
J10 29 Sara L Rustøen Sandane t&Il 10,5 2,98 25,62 2.17,4
J10 5 Else-Mari Nyheim Fjellhug/Vereide il 10,8 2,66 19,04 2.39,1
J10 4 Cecilie Tveit Fjellhug/Vereide il 11,8 2,76 dns 2.31,0
J10 6 Rakel Vollstad Fjellhug/Vereide il 11,8 2,71 23,66 dns
J11 19 Karina Skaare Tjellaug Oppstryn 9,8 3,47 24,87 dns
J11 24 Elin Mardal Sandane t&Il 10,0 3,06 29,33 dns
J12 27 Kristine Lothe Rustøen Sandane t&Il 9,2 dns dns dns
J12 16 Thea Sofie E. Mundal Fjellhug/Vereide il 9,7 3,31 dns dns
J12 9 Malin Aske Fjellhug/Vereide il 11,1 3,13 dns 2.15,6
J12 26 Ida Mardal Sandane t&Il dns 3,85 dns dns


Steffen, Lisa og Malin med fin-fine resultat på UM!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Sep 2014

Fleire resultat frå Haugesund-UM: Malin Isane Førde vart nr 5 i slegge med 33,82 m, Lisa vart nr 6 i same øving med 32,73 m. Enno betre for Steffen Fjellestad, som fekk SØLV i slegge med resultatet 32,16 m. Alle tre er i 15-årsklassen. Gratulerer!

Fredag:
Lisa Selsvik skaffa seg og Fj/V ein bronse under UM i Haugesund i dag. Resultatet var flott, 32,67 m. Gratulerer, Lisa!
Resultat:


Nordstrandløpet laurdag 6. sept.

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 2. Sep 2014

Fjelhug/Vereide i samarbeid med Nordfjord Folkehøgskule inviterer til siste løpet i Nordfjordkarusellen. Som vanleg avsluttar Nordstrandløpet karusellen, og som vanleg er det første laurdag i september som er datoen (6. sept.)
(biletet: tre nøgde deltakarar i 2013: Marcus Vedeler, Lars Otto Alme og Harald Slettvoll)
Start og mål er ved Nordfjord Folkehøgskule
Løypa: 6,7 km i stort sett flat løypetrassè.
Start: Trimklasse kl 15.00 Konkurranseklasse kl 16.00
Klasseinndeling: 12-15, 16-18, 19-22, 23-34, og deretter vanlege veteranklassar med 5-årsintervallar.
Startpengar: Konkurranseklassen kr. 100,- + kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens.
Startpengar Trim-klasse: vaksne kr. 50,-, born kr. 30,-, Familie (foreldre(born): kr. 90,-.
Kontaktperson: Magnar Holvik mobil 99575939


Innbyding til Regionsleikane i Friidrett

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Sep 2014

Fjellhug/Vereide il inviterer til


REGIONSLEIKAR for Nordfjord 2014

FRIIDRETT
GUTAR OG JENTER 8-12ÅR
Tidspunkt:søndag 14. sept.kl. 14.00
Stemnet går på Idrettsplassen på Sandane.

Vi håpar framleis at friidretts-leiarane legg seg i selen for å få borna med på dette stemnet; krinsen og arrangørlaga sin intensjon med stemnet er som tidlegare å få opp interessa for friidretten mellom dei aller yngste.

STEMNEOPPLYSNINGAR:

Aldersgruppe:8-12 år

Øvingar:60 m, 600 m, lengde og liten ball.
4 x 60 m stafett, der ein kan nytte 4 løparar innanfor aldersgruppa . Gjerne mix. lag.

Premiering:Medaljer til alle deltakarane som er med i tre enkelt-øvingane.

Påmelding : Sendast tilFjellhug/Vereide il v/Dagfinn Nyhammer, Kreklingen 46823Sandane, innan onsdag 10 . sept. Ikkje startkort, kun namn og årstal på den påmelde! Bruk gjerne e-post: dagfinn.nyhammer@enivest.net

Startpengar:kr. 100,- pr. deltakar (dekkar alle øvingane). Startpengar sendast på bankgiro 3710.30.87512.

Garderobe:STIL-stova ved Stadion.

Informasjon:Dagfinn Nyhammer, mobil 41227968 ellerBirger Berge tlf. 57 86 55 73 (p) ellerwww.fjellhugvereide.no


Styremøte i Fjellhug/Vereide i kveld

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Aug 2014

Fjellhug/Vereide hadde styremøte i kveld, på Nordstranda Skule.  Det var frammøte frå alle gruppene.


Saker:

Treningstider:  Gruppene melder inn behov til Trivselshallen v/ Ola Tarjei Kroken
Styrekurs:  Dette er 3 timars gratiskurs.  Dette kan vere aktuelt, leiar sjekkar ut
Søknadsskrivingskurs:  Idrettsrådet bør organisere/invitere til søknadsskrivingskurs.  Sparebankstiftinga er kursansvarleg.

Nytt frå gruppene:
Barneidrett: I gang med planlegging av ny sesong.  Leige av skulen.  Er avhengig av trenarkrefter.  Startar opp etter haustferien.
Handball: Planlegging av ny sesong.  Har vore med på beach-handball i Breim. Terminlistemøte med krinsen.  Færre lag med i år, lite med jenter.  Samarbeid med andre klubbar.
Volleyball: Herrar er i 3. divisjon, trenar Øyvind Indrebø.  Damer er i 2. div., trenar Ragnhild Gimmestad.  Ein har også aldersbestemte lag. Ønskjer å starte treninga fortast mogeleg, kampane startar snart.  Mini-volleyball-kurs.
Trimgruppa:  Annonse er komen for eit trimparti.  Gruppa bør ha eit møte for å samordne treningane.  Spesielt viktig å samordne sidan det no er betaling også i skulane.
O-gruppa: Få er med, men dei få har vore med på mykje. Fjord O-Vest hadde med 6 deltakarar frå Fj/V. På krinsløp har klubben henta seg både gull og sølv.  Arrangert Skule-sprint.  Turorientering: Dimma og Engesetåsen.
Friidrett:  Svinestranda Opp er i endring.  Skal ha møte for å diskutere framtida, og arrangementsform.  Ta Kleivane meir i bruk.  På friidrett er vi ein arrangementsklubb, og dei to siste arrangementa i år, Regionsleikar og Nordstrandsløpet, står for tur.  Startar opp hausttrening på Idrettsplassen 28. august.
Ski: På Kleivane hel dein på med nytt tak på garasjen.  Det skal lagast til tautrekk i haust, 110 m.  Ny trasse for lysløypa vart ferdig isist vinter.  Laget vil gå til innkjøp av 10 par rulleski for trening, aktuelt å søkje om midlar frå Sparebankstiftinga.


Anna:
Jannike Lindvik tek på seg å lage til eit inforskriv om aktivitetar i klubben, som skal ut til husstandane på Nordstranda.  Frist for å sende henne stoff er 15. sept.

Dagfinn orienterte om heimesida.  Gamal side skal avviklast, og den nye har vi ikkje heilt fått dreisen på enno.  Her skal vi hente litt hjelp i GFIL, som har teke ny side i bruk.




Test

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Mai 2014



Barneidrettsskulen avslutta med friidrett

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Mai 2014

 

Dei to siste tirsdagane har vi hatt friidrett på barneidrettsskulen. Det har vore godt oppmøte, i kveld var det 21 som stilte på. Flinke trenarar, og stor stemning. Torsdag kl 17.00 startar vi opp Friidrettsskulen på Idrettsplassen, og mange av dei som var med i kveld, vert å finne også der.