KM terrengløp 9. april

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Feb 2017

KM 2016: Magne Tystad (foto: Svein Hjelmeset)

Fjellhug/Vereide IL arrangerer også i år KM terrengløp i den velkjende barkeløypa i Åsen på Sandane. Arrangementstidspunkt er søndag 9. april, kl 15.00. Terrengløpet er samstundes løp nr. 2 i Nordfjordkarusellen.

Finare trasè skal det godt gjerast å finne, med underlag av bark store deler av løypa. Ein runde i løypa er 1800 m, det er distansen for 17/18 år og junior, samt kvinner senior og veteran. Menn alle klassar spring den doble distansen. 13- og 14-åringar spring ca 600 m, medan 15 og 16 spring 1200 m.

Det vert også som vanleg eit mini-løp for dei under 13 år, med deltakamedaljer til alle. Innbyding her



Innbyding innandørsstemne i Florø

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Feb 2017

Invitasjon til nasjonalt friidrettsstevne i Florø Idrettssenter lørdag 4. mars. Pass på påmeldingsfristen 1. mars.



Friidrettslisens

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Feb 2017

Alle frå 13 til 80 år som skal vere med på friidrett må ha lisens.

Dei som skal konkurrere på bane, må skaffe seg heilårslisens, sjå linkane nedanfor.

For løp utanfor bane må ein også ha lisens, men då kan ein kjøpe lisens for kvart løp. Den lisensen varierer etter startkontingenten på arrangementet.

Konsekvensen av å ikkje skaffe seg lisens, er at ein sjølvsagt ikkje er forsikringsmessig dekka. Dessutan vil ikkje oppnådde resultat bli godkjende.


https://www.friidrett.no/mosjon/lisens/

https://www.friidrett.no/globalassets/nfif-sentral...




Årsmøte i Fjellhug Vereide IL vert halde 26.mars kl 19.00 på Nordstranda skule

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Feb 2017

Velkomen til årsmøte i Fjellhug Vereide IL 26.mars på Nordstranda skule.

Innmeldinga av saker til leiar i laget innan 12.mars.

Sakspapir og saksliste leggast ut 1 veke før årsmøte.


Helsing leiar

Else Margrethe Larsen



Kurs og innbydingar

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 2. Feb 2017

Sparebankstiftinga held kurs i søknadsskriving torsdag 9. februar. Kursstad: Kommunehuset på Søreide. Sjå invitasjon her: http://www.sparebankstiftinga.no/2017/02/soknadsku...

**************************

Strynehalleikane i friidrett i Stryn laurdag 11. februar; sjå innbydinga her

**************************

Arrangørseminar for løp utanforbane; klikk her http://mosjon.friidrett.no/seminarforarrangorer201...