Basar-resultat og nye klubbdrakter

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Nov 2018


På idrettslagsbasaren i Gimle sist søndag, vart nettoresultatet kr. 43 000,-.  Det er på linje med det som det har vore siste åra, og idrettslaget vil takke loddkjøparane og alle som møtte fram for eit godt resultat!  Det er også stor grunn til å takke alle som gav gevinstar!  Butikkar og næringsdrivande på Sandane og andre stader bidrog raust til at det vart mange flotte gevinstar både på årar og loddbøker; TUSEN TAKK!

Leiar i Fj/Vereide, Else Margrethe Larsen, Fortalde om drifta i laget, og ikkje minst at ein no har fått på plass sponsoravtalar og nytt draktsett.  Ny hovudsponsor for Fjellhug/Vereide er Entreprenør Olav Hjemeset AS. I tillegg har ein fått også andre sponsorar - desse skal vi presentere om ikkje lenge.

Klubbdrakta er i våre fargar: Raudt og kvitt. Produktmerket er Hummel, og det blir som tidlegare på Intersport (Sporten) vi får kjøpe draktene.  Den er i moderne kvalitet, og Fj/V håpar at det vert mange raud/kvite julepresangar under juletrea i år!  

Det er viktig at vi brukar lagsdrakta vår på trening, konkurransar og på fritida - det gjev lagkjensle, og det gjev støttespelarane (sponsorane) noko igjen for det dei yter til laget!




KLUBBKVELD

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Nov 2018







        BUTIKKEN LOKKAR MED FØLGANDE TILBOD:

20% PÅ LAGSKLEDE

30% PÅ HALLSKO

20% PÅ ORDINÆRE VARER I BUTIKKEN.





Treningstider friidrett

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Nov 2018

Friidrettstrening for 8-12 år: tirsdagar kl 17-18. Samtrening mellom FJ/V og STIL




Fjelltrimmen 2018 i namn og tal

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Nov 2018



Du finn resultata frå årets fjelltrim i dei to linkane nedanfor:

Fjelltrimmen 2018.docx

FjV_Fjelltrimmen_2018_resultatliste.xlsx