Rypeskarrenn i strålande påskever!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 31. Mar 2018



Rypeskarrennet 2018 vart arrangert i strålande påskesol på Utvikfjellet i dag.  Arrangør var som vanleg Fjellhug/Vereide Il.

I trimklassen nytta svært mange høvet å gå over fjellet til Kleivane i Fjellbygda, og i alt var det nok om lag fire hundre i turklassen.  I konkurranseklassane deltok i overkant av 60 løparar, der Bodil Ryste, Gaular var raskaste dame i 23km-løypa, medan Jon Rolf Skamo Hope, Hyen vann herreklassen.

Dei yngre løparane gjekk 10 km, der Markane-løparen Oskar Guddal Breivik i G15-16 hadde beste tid.  

Resultat finn du HER

Biletserie finn du i Galleri i menyen over



KM Terrengløp søndag 15.april

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Mar 2018


15/4 2018: KM Terrengløp/ 2. runde i Nordfjordkarusellen

Fjellhug/Vereide Il inviterer til KM i terrengløp på Sandane.  Dette er også samstundes 2. runde i Nordfjordkarusellen.

Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (barkeløypa), ei lettkupert løype, der ein runde er 1800 m.  Det er ulike distansar alt etter klasse.

Dato og tidspunkt:  Søndag 15. april.  Hovudstart er kl 15.00.  Det vert eit miniløp for born før KM-distansane.

Klassar og distansar:

*  G/J 13 og 14 år:  600 m

*  G/J 15 og 16 år:  1200 m

*  G/J 17 og 18 år, menn junior, og kvinner jr/sen/vet: 1800 m

*  Menn sen/vet: 3600 m

Påmelding: Helst på førehand, innan fredag, på epost til dagfinn.nyhammer@enivest.net .  Også påmelding fram til 1 time før start, mot ei tilleggsavgift.  Sjå elles her: http://mosjon.friidrett.no/  eller her: https://mosjon.friidrett.no/pa...

Startpengar:

- 13-14 år: kr. 60,- (ikkje eingongslisens i desse klassane)

-  15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding same dag: kr. 30,- i tillegg.  Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens)

-  Betalast inn til kontonummer 3705 33 01917

Garderobar:  Det er diverre ikkje garderobar ved løypa.  Næraste er i Trivselshallen (Firdahallen), der ein får nytte garderobar og toalett. Desse er opne til kl 17.00.

KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse, og uttrekking av gåvekort i Nordfjordkarusellen.



Årsmeldinga 2017

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Mar 2018

Du finn årsmeldinga 2017 for Fjellhug/Vereide il her. 

Rekneskap vert lagt fram på årsmøtet.

Saklista til årsmøtet var ikkje kome med i årsmeldinga.  Den ser slik ut:



ÅRSMØTE I FJELLHUG VEREIDE IL

Sakliste

  1. Opning av årsmøte og utdeling av Heidersprisen 2017.

  2. Utdeling av 50-års idrettsmerke

  3. Godkjenne dei røysteføre

  4. Godkjenning av innkalling og sakliste

  5. Val av møteleiar, sekretær og to til å skrive under møteboka

  6. Innkomne saker til styret

    1. Godtgjersle til leiar

    2. Mindre godtgjersle til nestleiar og kasserar

  7. Behandle årsmeldinga

  8. Behandle revidert rekneskap

  9. Godkjenning av kontingent og treningsavgift for 2018

     

 

Medlemsavgift

Treningsavgift

Born 0 – 10 år

200 kr

0

Born 11 – 19 år

200 kr

350

Vaksne

300

500

 

  1. Godkjenne budsjetta

  2. Val

  3. Godkjenning av gruppestyra

  4. Ymse

     



Informasjon til dei som er på innandørs friidrettstrening

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 13. Mar 2018

  Til alle som har vore med på innandørstreninga i vinter.

No har vi snart ikkje fleire treningar i Trivselshallen denne vinteren.  Tysdag 3. april er siste treninga inne, før vi startar ute etter påske. Det er også innetrening komande tysdag, den 20. april.  Det er den siste før påske.

Vi har hatt veldig godt frammøte på treninga i vinter, og vi håpar å sjå like mange når vi startar opp att etter påske.  Spanande kamp om frammøtepremien!

Utetreninga vert starta opp med terrengløp på Myra tysdag 10. april. Treninga på Idrettsplassen kjem i gang så snart tilhøva der er brukande.  Då vert det springing, hopping og kasting, saman med STIL slik vi har hatt det i vinter.  Ein og annan gongen reiser vi til Byrkjelo for å bruke den flotte bana der. Tysdag 15. mai vert truleg første gong dit.

For informasjon er det viktig at de (eller foreldra dykkar) er innom Fjellhug/Vereide-sida på Facebook for å halde dykk løpande oppdaterte. Det hadde også vore spanande å reist på eit friidrettstemne, med overnatting, i løpet av sommaren/tidleg haust.  Oppslutning om treninga vil vise om dette er interessant. Aktuelle stader kan vere t.d. Ørsta eller Ulsteinvik/Dimna.

 

Våren og sommaren ser slik ut for friidretten for dei yngste:

 

  • Kvar tysdag kl 18.00:               Friidrettstrening Idrettsplassen og Byrkjelo stadion (april: terrengløp og stafett-trening, følg med på FB)

  •  

  • 15. april:      KM terrengløp på Myra i Åsen, med innlagt løp for 6-12 år.  Medaljer til deltakarane.

  • 15. mai:       Seriestemne/treningsstemne på Idrettsplassen.  60m/lengde/kule  (frå 8 år ->)

  • 24. mai:       Gloppenmeisterskapen, Byrkjelo Stadion

  • 9. og 10. juni:            Sparebankleikane, Byrkjelo Stadion (frå 8 år ->)

Helsing Friidrettsgruppa

Dagfinn Nyhammer, mobil 41227968, epost dagfinn.nyhammer@enivest.net  



Invitasjon Svinestranda Opp

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Mar 2018

Svinestranda Opp

Praktisk arrangementinformasjon

Kontaktperson for arrangementet

Dagfinn Nyhammer
41227968
dagfinn.nyhammer@enivest.net

  

Dato: 23.06.2018 

Påmeldingsfrist: 20.06.2018 kl 23:59

Video med bilete frå 2017:  https://fb.kizoa.com/?did=175607281&kc=9483132&lang&t=s...    


Fjellhug/Vereide il inviterer til Svinestranda Opp 2018!

DATO: Laurdag 23. juni, med hovudstart kl 12.00, i Sandane sentrum.

Mål for alle er toppen av fjellet Svinestranda, 1074 m.o.h., distansen er er ca 7 km lang.


Praktisk info:

· Svinestranda er også i år eit løp i SFE Motbakkekarusell. I år er der 4 løp, der ein må vere med på tre for å telje i samanlagtkarusellen (Svinestranda, Trollenykjen, Vetenløpet og Troda (Davik))

Alle som startar frå Sandane (konkurranseklassane) skal ha ryggsekk på min. 2 kg



Startpengar:

- Startkontingent: kr. 300,-/100,- (Hovudløp/3-km)

· Startkontingent etterpåmelde: kr. 400,-for hovudløpet.  

- Startpengar elles: Kr. 100,- for dei som er under 15 år, og kr. 50,- for mosjonistar/trimmarar utan tidtaking.

- Eingongslisensen er kr. 40,- i dette løpet.


Påmeldingsfrist:

Onsdag 20. juni. Etter påmeldingsfrist: kr 100,- i tillegg for konkurranseklassane

· Kontonummer: 3705.33.01917


Start

· Start 14 år og yngre (3 km) er på Austrheimsstøylen, og starten går kl 12.00

· NB! Start for M/K veteran 60 år og eldre går frå Sandane sentrum kl 11.30

· Hovudstarten elles er kl 12.00 frå Sandane sentrum


Mosjonistar har tre alternativ: a) Frå Sandane til Austrheimsstøylen eller toppen, b) starte på Austrheimsstøylen og gå til toppen, eller c) Parkere på Kleivane og gå til Austrheimsstøylen, evt. til toppen. Alle mosjonistar registrerer seg på Austrheims-støylen, - enten ved passering eller start.


Premieutdeling  ca kl 15.00, på Austrheimsstøylen


Ved start: Klede vert bringa frå startområdet til Austrheimsstøylen.  Etter løpet/premieutdelinga vert det køyrt bilar frå Austrheimsstøylen til sentrum



PREMIERING:

-  kr. 4000 til vinnar i dame- og herreklassen

-  kr. 1000 til nr. 2

-  kr. 500 til nr. 3

-  kr 500 til nr. 4

-  Pengepremie for ny løyperekord

-  Elles 1/3 premiering. Det vert også trekking av pengepremiar og fine gevinstar på startnummer. Det gjeld både for konkurranse- og trim-klassen.

· Påmeldingsfrist elektronisk: Onsdag 20. juni kl 23.59 - , via nettet https://mosjon.friidrett.no/sv... . Påmeldingar manuelt kan også gjerast fram til 1 time før start mot tilleggsavgift kr. 100,-. Hugs årslisens, eller eingongslisens (kr. 40,-)

· Kontaktpersonar: Birger Berge 901 75 252, el. Dagfinn Nyhammer 412 27 968



Innbyding til innandørsstemne i Florø

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Mar 2018

Innbyding til stemne for gutar og jenter i Florø 17. mars:

Nasjonalt stevne Florø Idrettssenter 2018.pdf



Dei første sponsorane er på plass

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Mar 2018

Det er kjekt å sjå at vi får støtte frå våre trufaste sponsorar.  Desse er på plass:




 


TANNLEGE SEIM



Svinestranda Opp 2018: Jonsokafta

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 4. Mar 2018

Arrangementsdato for Svinestranda Opp 2018 er bestemt.  Det vert i år på jonsokafta, laurdag 23. juni.

Vi fekk ikkje tildelt NorgesCup-status i år, men det vil bli søkt om for 2019. Evt. vil vi diskutere om vi skal søkje NM Motbakkeløp for neste år.

Men i år vert det altså eit vanleg Svinestranda Opp, der vi håpar på god deltaking, og god støtte frå sponsorar og dei som må vere med å hjelpe til

Svinestranda Opp er også med i SFE Motbakkekarusell (vi har pr. i dag ikkje fått svar frå SFE om dei er med i 2018), der Trollenykjen Opp, Vetenløpet, og Troda Opp også er med.  Dei som er med på tre av løpa, vil vere med i konkurransen om pengepremiar sponsa av Sogn og Fjordane Energi.



God deltaking på Kleivanerennet

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 3. Mar 2018

Resultat frå Kleivanerennet i dag.  Litt feil format på tid, men ut frå lista som vart skriven under stemnet, var det ikkje råd å få den lagt inn på anna måte her på heimesida. Minutt øverst, så sekund :-)  .

Resultat Kleivanerennet 03.03.2018
Arrangør: Fjellhug/Vereide IL
Jenter 8 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Kirkeeide Ane Hjelmeset Markane IL - Ski 1 km fri 05 34
Hauge Selma Kvame Fjellhug/Vereide IL - Ski 1 km fri 10 06
Øygard Tuva Fjellhug/Vereide IL - Ski 1 km fri 07 15
Sundli-Føleide Isabell Fjellhug/Vereide IL - Ski 1 km fri 10 19
Fragått Helga Hjelmeset Øvre Sigdal IL - Ski 1 km fri 06 04
         
Gutar 8 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Hjelle Severin Nes Eid IL - Ski 1 km fri 06 49
Gloppestad Sivert Fjellhug/Vereide IL - Ski 1 km fri 09 17
Sundli-Føleide Sander Fjellhug/Vereide IL - Ski 1 km fri 09 46
Henden Samuel Eid IL - Ski 1 km fri 05 44
Eimhjellen Andreas Fjellhug/Vereide IL - Ski 1 km fri 07 09
         
Jenter 9 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Henden Konstanse Eid IL - Ski 1 km fri 04 36
Svalheim Aurora Fjellhug/Vereide IL - Ski 1 km fri 06 01
Bøe Marte Myrlid Fjellhug/Vereide IL - Ski 1 km fri 07 32
Trøsken Kornelia Markane IL - Ski 1 km fri 04 36
         
Gutar 9 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Tufte Eskil Sogndal IL - Ski 1 km fri 04 56
Sollid Eirik Fjellhug/Vereide IL - Ski 1 km fri 09 00
Kjesbu Arne Sandven Eid IL - Ski 1 km fri 05 13
Lundekvam Andreas Otternes Førde IL - Ski 1 km fri 04 26
         
Jenter 10 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Nøstdal Agnes Bjelland Eid IL - Ski 1 km fri 04 30
Hjelle Malene Nes Eid IL - Ski 1 km fri 04 52
Fragått Margret Hjelmeset Øvre Sigdal IL - Ski 1 km fri 05 00
Thorsen Othilie Bosdal Førde IL - Ski 1 km fri 04 10
Andersson Selma Lovisa Endal Eid IL - Ski 1 km fri 05 17
         
Gutar 10 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Hebard Hermann Fjellhug/Vereide IL - Ski 1 km fri 05 35
Larsen Kristoffer Nes Eid IL - Ski 1 km fri 05 27
Mundal Vebjørn Orheim Sogndal IL - Ski 1 km fri 04 21
Kalhagen Olve Mo Eid IL - Ski 1 km fri 05 03
Engesæter David Førde IL - Ski 1 km fri 04 07
Nondal Hans Kristian Førde IL - Ski 1 km fri 05 18
         
Jenter 11 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Lundekvam Rebekka Otternes Førde IL - Ski 2 km fri 06 40
Degnepoll Aurora Furnes Førde IL - Ski 2 km fri 06 49
Supphellen Ida Susanne Sogndal IL - Ski 2 km fri 07 20
Holme Sara Elise Førde IL - Ski 2 km fri 07 48
Borgund Era Samuline Prøven Eid IL - Ski 2 km fri 07 59
         
Gutar 11 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Høyvik Sivert Førde IL - Ski 2 km fri 06 13
Helle Steffen Vårdal Førde IL - Ski 2 km fri 06 26
Granheim Sander Aske Fjellhug/Vereide IL - Ski 2 km fri 06 27
Tufte Yrjan Sogndal IL - Ski 2 km fri 07 18
Ariansen Øyvind Eid IL - Ski 2 km fri 07 31
Lundekvam Edvard Kapstad Førde IL - Ski 2 km fri 08 06
Fjellestad Isak Fjellhug/Vereide IL - Ski 2 km fri 11 38
         
Jenter 12 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Hjelmeset Inger Markane IL - Ski 2 km fri 06 05
Heggdal Katrine Svarstad Markane IL - Ski 2 km fri 06 05
Hjelmhaug Kaia Bjelde Sogndal IL - Ski 2 km fri 06 37
Bujnicka Wiktoria Fjellhug/Vereide IL - Ski 2 km fri 09 32
         
Gutar 12 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Henden Esekiel Eid IL - Ski 2 km fri 05 52
Bøthun Isak Sogndal IL - Ski 2 km fri 05 52
Sønnesyn Gard IL Bjørn - Ski - Ski 2 km fri 05 55
Thorsen Niklas Bosdal Førde IL - Ski 2 km fri 06 06
Granheim Nicolai Aske Fjellhug/Vereide IL - Ski 2 km fri 06 17
Hoel Hermann Søndre Land IL Ski - Ski 2 km fri 06 59
Hjelle Ragnar Nes Eid IL - Ski 2 km fri 07 07
         
Jenter 13 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Kirkeeide Oddrun Hjelmeset Markane IL - Ski 3 km fri 10 31
Borgund Ada Johanne Eid IL - Ski 3 km fri 10 39
Aarnes Sara Annie Bjørnhaug Markane IL - Ski 3 km fri 10 45
Meland Mari Sofi Markane IL - Ski 3 km fri 10 49
Støfring Johanne Førde IL - Ski 3 km fri 10 58
Sølvberg Jenny Førde IL - Ski 3 km fri 11 59
Nondal Ida Kristin Førde IL - Ski 3 km fri 12 09
         
Gutar 13 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Ottesen Sigve Hafstad Førde IL - Ski 3 km fri 09 37
Degnepoll Magnus Furnes Førde IL - Ski 3 km fri 09 52
Rauset Mathias Fjellhug/Vereide IL - Ski 3 km fri 10 13
Holme Kasper Førde IL - Ski 3 km fri 10 48
Andersson Lukas Eid IL - Ski 3 km fri 10 51
Fragått Erik Hjelmeset Øvre Sigdal IL - Ski 3 km fri 10 53
Bjørkhaug Aksel Førde IL - Ski 3 km fri 10 53
Larsen Kasper Nes Eid IL - Ski 3 km fri 13 40
Bale Sondre Jotun IL - Ski 3 km fri 14 35
         
Jenter 14 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Aaland Ann Kristin Hardbagg IL - Ski 3 km fri 09 34
Sønnesyn Oda IL Bjørn - Ski - Ski 3 km fri 10 15
Lundekvam Linnea Otternes Førde IL - Ski 3 km fri 10 18
Engesæter Mali Monica Førde IL - Ski 3 km fri 10 22
Mundal Sigrid Orheim Sogndal IL - Ski 3 km fri 10 40
         
Gutar 14 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Nes Hjelle Ingebrigt Eid IL - Ski 3 km fri 09 06
Holme Tobias Førde IL - Ski 3 km fri 09 26
Tefre Thomas Førde IL - Ski 3 km fri 09 29
Espe Martin Førde IL - Ski 3 km fri 09 34
Helgheim Mathias Førde IL - Ski 3 km fri 09 39
Gauteplass Lie Ådne IL Bjørn - Ski - Ski 3 km fri 10 06
Nondal Ole Martin Førde IL - Ski 3 km fri 10 10
Lie Are Gauteplass IL Bjørn - Ski - Ski 3 km fri 10 19
Henden Emilian Eid IL - Ski 3 km fri 10 48
Sveen August Da Silva Jotun IL - Ski 3 km fri 10 58
         
Gutar 15 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Mundal Kasper Stårheim IL - Ski 5 km fri 13 25
Mundal Olaus Orheim Sogndal IL - Ski 5 km fri 13 55
Vigdal Gard Reppen Jotun IL - Ski 5 km fri 14 06
Granheim André Aske Fjellhug/Vereide IL - Ski 5 km fri 14 12
Sæten Thomas Hyen IL - Ski 5 km fri 14 24
         
Gutar 16 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Ullebø Thristan Engebø Førde IL - Ski 5 km fri 12 48
Nistad Ivar Gaular IL - Ski 5 km fri 12 59
Thorsen Oliver Bosdal Førde IL - Ski 5 km fri 13 12
Albretsen Håkon Aa Kaupanger IL - Ski 5 km fri 13 40
Tufte Ulvar Sogndal IL - Ski 5 km fri 13 53
         
         
Gutar 17 år        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Støfring Øystein Førde IL - Ski 10 km fri 25 46
         
Menn senior        
Etternamn Fornamn Klubb Distanse Tid
Helgheim Adrian Førde IL - Ski 10 km fri 22 53