Nordstrandsløpet - Resultat 30/9-18

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 30. Sep 2018

Resultata frå dagens løp. Løpet var det siste i årets Nordfjordkarusell, og samanlagtvinnarane vil vi kome tilbake til seinare.






Nordstrandsløpet på søndag

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Sep 2018



Søndag 30. Sept. vert det årlige Nordstrandsløpet arrangert, med Fjellhug/Vereide Il som tilskipar.

Dette er også siste løpet i Nordfjordkarusellen, og dermed vil det bli premieutdeling for karusellen etter løpet. Konkurranseklassen startar kl 16.00  Trimklassen går ut mellom 15 og 15.30.

Løypa har som vanleg med start frå Nordfjord Folkehøgskule, og går inn vegen mot Sandane, der ein snur på Hauge, og tek same veg tilbake.  Løypa er totalt 6,7 km, med ein flat og fin løypeprofil.

Alle frå 12 år og oppover kan delta i konkurransen.  Aldersklassane er 12-15, 16-18, 19-22, senior, og veteranklassane.  Det vert premiering på loddtrekking, samt medaljer til alle som fullfører.  

Nordfjord Folkehøgskule er medarrangør på løpet, og Nordstrandsløpet har alltid hatt ei fin ramme og stor stemning.  Det har elevane på skulen sytt for.  Dei plar også stille med mange deltakarar.

Det går mot slutten av ein sesong der Fjellhug/Vereide IL har hatt mange arrangement.  Laurdag 6. oktober går det siste, nemleg Gloppen Halvmaraton.  Idrettslaget håpar på god deltaking på begge desse to siste arrangementa.



Fleire "ukjende" til Gloppen Halvmaraton

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Sep 2018


Sjølv om det er ei god stund igjen til påmeldingsfristen for Gloppen Halvmaraton, er det artig for oss som arrangørar å sjå påmelding frå 5-6 deltakarar som ikkje har vore her før.  Vi vel å tolke det som at det er god interesse for å delta hos oss, og vi er spente på vidare påmeldingar.

Med regn og ruskever så lenge som det har vore no, og som også skal vare i komande veke, bør all sansynlegheitsberekning gå på at dette kan ikkje "vare evig". Og dermed så får vi nok ein flott laurdag 6. oktober på Sandane!



Bilete på heimesida

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Sep 2018



Det finst varsomheitsplakatar for bruk av bilete på internett og media elles.  Stort sett går det på å vise omtanke på kva som vert publisert, og det gjeld spesielt bilete av mindreårige.  Idrettsforbundet har laga nokre retningslinjer for dette, som de finn på vedlagte fil.  Samtykkeerklæring bilete.pdf

For heimesidene til Fjellhug/Vereide har vi prøvt å ha ei forsiktig linje når det gjeld publisering av nærbilete og oppstilte bilete, der vi ikkje har spurt om lov til publisering.  Bilete av aktivitetar, konkurransar og lignende, der ungane er i "full fart" er litt vanskelegare å praktisere samtykke i.  Vi har til no heller ikkje fått negative tilbakemeldingar frå nokon vedrørande biletbruken på heimesida vår. På dei minste har vi som oftast praksis i enten å ikkje skrive namn, eller bruke berre førenamn.

Ei heimeside utan bilete er vel heller ikkje ønskjeleg; det blir fort litt kjedelege greier. Bilete er også viktig historisk materiale. Vi har imidlertid respekt for dei som av ein eller annan grunn ikkje ønskjer bilete av seg på heimesida, og vi reknar også med at foreldre eller andre seier frå dersom dette ikkje er ønskjeleg. 

Samtykkeerklæring bilete hadde vore flott om vi kunne fått i retur.  Det kan gjerast på epost, eller rett og slett at de sender nokre ord på epost om at det er greitt at idrettslaget får bruke bilete av dei håpefulle på laget sine internettsider, årsmeldingar og anna som vi publiserer.  Epost: dagfinn.nyhammer@enivest.net  




Resultat Regionsleikane

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Sep 2018

(dersom nokon har nokre bilete frå dagens stemne, tek eg gjerne i mot - fekk ikkje tid å fare ut med fotoapparatet.... Epost dagfinn.Nyhammer@enivest.net )

Resultat frå dagens Regionleikar 8-12 år på Byrkjelo Stadion

Vi har fått inn litt merknader, som viser seg å vere heilt på sin plass, samanhaldne med originallistene.  Dette er korrigert her på sida så langt vi har fått melding om det, og de må sjølvsagt kome med fleire dersom de finn feil.  No er også 1000 m kappgang G13 lagt inn i lista.


60 m



Lengde




Liten Ball



600 m






Tidsskjema Regionsleikane + Deltakarliste

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Sep 2018




Tidsskjema på Regionsleikane søndag 16. sept.  Litt små endringar ilaurdag kveld, m.a. prøver vi å starte lengde G08-10 kl 13:50, då dette er ein stor klasse. Tidsskjemaet er svært stramt, men vi prøver å unngå at stemne skal vare noko særleg over to timar. 




Deltakarliste:








Gloppe-Trim nr. 15, 12/9-18

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 12. Sep 2018


Roset vs Roset på dagens Gloppe-Trim.  Det årlege veddemålet der onkel utfordra nevø.  Vi ved tidtakarbordet valde å ha litt avgjerande makt på familieoppgjeret:  For å bli erklært vinnar måtte Jan Erik slå Håkon med 2 minutt.  Som resultatlista viser vart det 2.15 i favør av onkel, og han vart dermed veddemåls-vinnar.  Kva premien vart, veit berre dei to...

Neste onsdag er det avslutning av årets Gloppe-Trim.  Då trekkjer vi eit par flotte premiar mellom dei som har delteke mest, samt at også alle som har minst 8 frammøte i år, får seg ein liten premie.










Regionsleikane 8-12 år på Byrkjelo. INNBYDING

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 8. Sep 2018


INNBYDING TIL REGIONSLEIKANE FINN DU HER:  Innbyding 2018.docx



Gloppen Halvmaraton - funksjonærliste

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 8. Sep 2018




Tre av funksjonærane i 2017: Birger Berge (lede-bil), Henry Hammersland (drikke og tidtakar vendepunktet), og Odd Arne Kolseth (løypevaktsjef i Hansen-svingen)


     GLOPPEN HALVMARATON laurdag 6. okt. 2018

(start ved STIL-stova kl 14.00, ein del startar kl 13.30)


Stemneleiar:                                                   Dagfinn Nyhammer

Startar:                                                              Arne Klakegg

Tidtaking:                                                           Jon R Hauge/Arne Klakegg

Tidtaking/sekretariat, resultatskriving/medaljer:  Yngvill Oen  (Ingunn E. og Kirsti hjelper også til i målområdet når dei er ferdige med løypevaktjobben)  

Løype-bil:                                                          Magne Moritsgård

Merking av løypa/km-skilt:                                 Dagfinn Nyhammer

Løypevakter Hansensvingen:                    Odd Kolset (hovudansvarleg) , Merete G Tveit , Else Lundestad, Elling Fjellestad

Her er det viktigast å passe mest på på sørsida av svingen, sidan løparane kjem i innersvingen, mot trafikken.  Vi set opp skilt om at det føregår løp før svingen, og kanskje nokre små kjegler i innersvingen som gjev ein god halvmeters rom for løparane?  Vakthaldet har vi berre bruk for til alle har passert på veg ut, inn att spring dei med trafikken, og kjem ein og ein, og då burde det greie seg med kun varslingsskilta)


Løypevakt ved G-sport-hjørnet:              Jonfinn Aske, Kirsti Bjotveit, Per Rune Vereide

Her må trafikken inn mot krysset stoppast dei 1-2 minuttane det tek før løparane har kome seg frå Firdavegen og inn på FV615.  Så må ein passe på at det ikkje er fotgjengarar som går i vegen i same tidsrommet. Løparane spring i gata på veg ut, og skal ikkje krysse ved hjørnet til G-Sport.  På tilbaketuren kan dei krysse inntil hjørnet, og då treng vi  ikkje vakter.


Drikkestasjonar:                                             

Saftstasjon ved Gloppen Sementstein:  Steffen Fjellestad

Saftstasjon Rygg:                                           Bjarne Hauge, 

Saftstasjon snupunkt (noterer også startnr og passeringstider):  Jan Steinar Roset, Henry Hammersland (ver obs på at nokre startar kl 13.30). Radiokontakt med starten, for å starte klokkene ved vendepunktet!!

Fjellhug/Vereide ordnar med saft og vatn, men det må hentast ved STIL-stova i god tid av dei som har ansvar for stasjonane..

Kiosk (enkel):                                                  Ansvarleg: Roger Sunde Andenæs


Dersom alle møter ved Stil-Stova kl 13.30, er det fint. Yngvill må møte kl 13.00, då det kan kome løparar som ikkje har meldt seg på, på førehand.


Sjå elles heimesida, eller ta kontakt dersom de lurer på noko: http://www.fjellhugvereide.no/p/22449/gloppen-halvmaraton 


Friidrettsgruppa v/ Dagfinn    

mobil 41227968

Epost: dagfinn.nyhammer@enivest.net 


  Trude Eimhjellen i fint driv på fjorårets halvmaraton



Gloppen Halvmaraton 2018

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Sep 2018




Gloppen Halvmaraton laurdag 6. oktober


6. oktober kl 14.00 er det klart for Gloppen Halvmaraton på Sandane i Nordfjord.  Det er femte året vi arrangerer dette løpet, og i fjor var godt og vel 35 løparar på startstreken.  Fjellhug/Vereide Il er arrangør.

Løypa går frå Idrettsplassen i Sandane sentrum og langs RV615 forbi Rygg.  Etter godt og vel 10,5 km vender ein tilbake, og går i mål ved Idrettsplassen. Sidan løypa går langs fjorden, er det ein flat trasè, der høgste punktet ligg ca 15 moh.

Dei som reknar med å bruke pluss/minus 2 timar kan få starte ein halv time tidlegare.

Etter dei fire første åra med Gloppen Halvmaraton har lovorda om trasèen vore mange, og det er sett svært mange årsbeste og personlege rekordar i løypa. Vinnartidene i fjor var for menn 1.18,03 (Bendik Grimsbø, Førde), og 1.42,37 (Trude Eimhjellen, GFIL).  Grimsbø si tid er løyperekord, medan Linda Hove har rekorden i dameklassen på 1.34,57.

PÅMELDING:  https://mosjon.friidrett.no/participant/arrangement.aspx?id=233026

Premieringa er lokale produkt frå Gloppen, og overnatting for to m/ trerettars middag på det flotte Gloppen Hotell som ein av premiane.

Overnatting kan tingast på http://www.gloppenhotell.no/nb/ Her er sett av ein del rom fram til ei veke før arrangementsdato.  http://gloppen-camping.com/ er eit anna alternativ for overnatting i nærleiken av løypa.

Heimesida vår er http://www.fjellhugvereide.no/p/22449/gloppen-halvmaraton Her finn du omtale, link til påmelding, og stoff frå fjorårets halvmaraton.  



Gloppe-Trim nr. 14, 5/9-18

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Sep 2018

I alt 62 trimmarar.  Vekepremien var gjeven av LAUGET http://kaffiogkultur.no/ , og vart vunnen av Ingrid Andenæs.


 Fast gjeng på Gloppe-Trimmen, med premievinnar Ingrid i midten (bilete frå 2017) Dei andre to er Irene Liseth og Jorunn Dvergsdal Aske