- Kakene og safta er det viktigaste!
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 31. Jan 2019
I flg. skigruppeleiar Astrid er det kanskje kakene og safta som trekkjer hordar av aktive til karusellrenna på Kleivane. I kveld var ikkje mindre enn 135 deltakarar frammøtte, og det er kanskje rekord. Liste kjem seinare, når skigruppa har bearbeidd Excel-arka sine.
Komande søndag går Kleivane-rennet, som er eit krinsrenn for 8 år og oppover.
Meld dokke på til Astrid innan laurdag. Dei som er 7 år og har lyst å vere med,stiller i 8 års klassa og går den løypa. Alle som har vore med på karusellen bet kr.50.- i startpengar. Premiar til alle denne dagen!
Nicolai Asker Granheim og Mathias Rauset
Skirenn på Kleivane mandag 21/1-19
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Jan 2019
Ei litt ustrukturert liste frå skirenn på Kleivane mandag kveld.
Trikkeskinner på Kleivane i dag!
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Jan 2019
Kan det bli betre på Kleivane?
Trivselshalleikane: Tidsskjema
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Jan 2019
Tidsskjemaet på Trivselshalleikane
Telenorkarusellrenn nr.2 Måndag 21.januar kl.18.00
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Jan 2019
Noken tar seg heilt ut......
Telenorskikarusell renn 2 på Kleivane MÅNDAG 21.januar kl.18.00. Fristil alle klasser.
Det blir same opplegg som sist.
Det fungerte heilt supert med at dei fleste melde seg på og vippsa på førehand. Det sparte mykje tid på Kleivane.
Påmelding til Astrid Fjellestad Hauge på messenger innan måndag kl.15.00.
Skriv namn,fødselår og legg ved bilde av vippsen. Kr 50 pr start. Vipps nr 82867 Fj/V.
Det er berre å starte påmeldinga. Vi skriv liste etter kvart!
Ynskjer velkomne til nye og "gamle" deltakarar!
Hjelparliste måndag:
Start: Sverre Nesdal Aske + Jan Roger Engeset
Mål: Johnny Hauge, Stig Svalheim (+ kake) , Roger Hauge
Løype: Jonfinn Aske Øyvind Brede Seim
Sekreteriat: Arne Nesgård, Jan Roger Engeset, Astrid
Kake: Inger Lise Vereide, Ingvill Aske Granheim, Elling Fjellestad, Else Fjellestad
Velkomne til ein ny kjekk kveld på Kleivane :-)
Påmelde til Trivselshalleikane
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Jan 2019
- Velkomne til Trivselshallen på laurdag, seier desse tre blide jentene!
Liste over deltakarar på stemnet:
Trivselshall-leikane i friidrett
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Jan 2019
Har du meldt deg på til innandørsstemnet i hallen på laurdag. Dersom ikkje: Les innbydinga her og bli med. Alle som er fødd i 2011, eller tidlegare, kan vere med.
60m - lengde - høgde - kule/liten ball
Stemnestart kl 13.00 (tidsskjema kjem på denne sida fredag)
Fjellhug/Vereide og STIL: Ingen startkontingent, sidan vi er arrangørar.
For deltakarar og dei som elles er involvert i arrangementet: Trivselsbadet har gjeve godt tilbod på billettar i bassenget, du får dei i sekretariatet vårt i hallen. Trivselsbadet
Tilbod til toppidrettsutøvarar
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Jan 2019
Interessert i vidareutvikling som idrettsutøvar? Her finn du noko for deg:
KLEIVANRENNET 3.februar
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Jan 2019
Det nærmar seg årets Kleivanerenn, og vi har sett opp arrangørliste for denne dagen.
Arrangørliste til Kleivanerennet søndag 03.02.2019
Start kl.12.00
Fristil alle klasser
Rennleiar : Jonfinn Aske
Løypekøyring: Ronny Solheim
Arena/løyper/merking/løypevakter: Jonfinn Aske, Øyvind Seim, Sverre Nesdal Aske, Roger Aa Djupvik
Sekretæriat: Svein Hauge, Anne Britt Henden, Jan Roger Engeset, Astrid Fjellestad Hauge
Startarar: Finn Hauge, Jan Roger Engeset
Mål/tid: Arne Nesgård, Johnny Hauge, Andreas Rauset, Bjørn Bakkelid
Speaker: Dagfinn Nyhammer el. Birger Berge
Saft/innsamling startnr: Eva Gimmestad (tar med ei platekake til kiosk), Bodil Hjelmeset, Margot Nesgård
Kiosk: Vere klar til kl.11. Ingvill Aske Granheim (ta med platekake), Malin Nesdal Aske (ta gjerne med ei venninne el 2 )
Det blir ordna med kioskvarer og vaffelrøre.
P-Vakter:ca 10: Rune Fjellestad, Terje Solheim, Roger Hauge, Knut Åge Hauge
P-bill på Solheim: Ca 10-12Roar Fjellestad, Håvard Hauge (Astrid ordnar p-bilettar og pengar. Vil dei vippse er det ok. NR 82867 Fjellhug Vereide, sjå kvittering og gje dei billett)
Alle møter i god tid. Om det ikkje skulle passe, håpar vi de kan byte med nokon andre.
Info blir lagt ut på facebook og heimeside.
Dette er eit viktig renn for oss, med deltakarar frå heile fylket, so det må vere “skikkeleg” opplegg denne dagen.
På førehand tusen takk for hjelpa.
Mh skigruppa i Fjellhug Vereide IL
Astrid Fjellestad Hauge.
SKIKARUSELL ONSDAG 16.JANUAR
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 9. Jan 2019
SKIKARUSELL PÅ KLEIVANE ONSDAG 16.JANUAR KL.18.00
Karusellrenn er lavterskeltilbod for alle som vil vere med. Det er ope for alle klasser, frå ca 4 -100 år. Renna går i Fristil, då dette er det enklaste for alle. Kr.50.- pr start. Saft og kake ved målgang.
Det blir premieutdeling etter sesongen, og då premie alt etter kor mange renn ein har delteke på.
Påmelding helst på førhand til Astrid Fjellestad Hauge på messenger innan 16.30. Då sparer både vi og de kø og venting på Kleivane. Med det er sjølvsagt råd å melde seg på i skihytta frå 17.00-17.45. Då må også startnr hentast for alle.
De kan betale kontant eller med VIPPS nr 82867 og mrk med karusell. Betalar de med vipps ved førhandspåmelding,legg ved eit bilde, so slepp ein å vente på dårleg dekning på Kleivane.
Vi i skigruppa treng hjelp av dokke foreldre/besteforeldre eller andre som har lyst, til små oppgåver på desse renndagane. Kommenter kva de har lyst til eller send mld til Astrid Fjellestad Hauge, so ser vi etter kvart kor vi puttar dokke inn. Kom gjerne med ynskjer.
Takk til dokke som allereie har meldt dokke til teneste :-)
Hjelparliste på dette rennet:
Sekreteriat i skihytta. Arne Nesgård (Astrid Fjellestad Hauge?)
Start: Sverre Nesdal Aske, Roger Aa Djupvik
Mål: Johnny Hauge, Marius Aske
Løypevakt: Jonfinn Aske, Øyvind Seim
Kake/saft/innsamling startnr: Liv Kristin Eimhjellen Rauset, Eli-Anne Sandal Birkelund, Hege Roth-Andenæs
( Platekaker som delast oppi ca 30 stk(ikkje for store) Blandar saft (vatn og saft er på Kleivane) De tar ut bord/tepper å stå på. Korger til boss og startnr er i hytta.
Då håpar vi på god deltaking og ein fin vinterkveld på Kleivane.
Spre ryktet og ta gjerne med dokke naboane, slekt og vener på Kleivane!
Føl med på nettet om det skulle bli forandringar
SKIKARUSELL 2019
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Jan 2019
SKIKARUSELL 2019
Vi har hatt møte i skigruppa, og då sette vi opp desse datoane for sikarusell i januar. So ser vi kor det går, og set opp i februar etter kvart. Planen er å ha 4 renn + Lagsmesterskap. Det er også Kleivanerenn, det er ope for 8 år og oppover, og alle som vil kan vere med. Då kjem det deltakarar frå resten av fylket og.
Vi har sett opp på forskjellige dagar,då vi veit at det alltid kolliderar med andre aktivitetar. Men då har alle sjans å prioritere den eine dagen.
Renna blir i fristil og det blir premie etter kor mange renn ein har vore med på. Startpengar blir kr 50.- pr start.
Men vi treng hjelp av dokke foreldre! Det har fungert kjempefint i fleire år, so det satsar vi på i år og.
Det er ikkje vanskelege oppgåver, so alle kan hjelpe til.
På kvart renn treng vi 3 stk til å bake kake( platekake) og dele ut saft.
2-3 stk til å hjelpe til å skrive tider i mål. Kanskje nokre løypevakter....
Fint viss de kan melde dokke her, so skal eg sette opp ei liste for kvart renn.
Karusell Onsdag 16.januar: Start kl.18.00
Karusell Søndag 20.januar: start kl. 13.00
Karusell Torsdag 31.januar: Start kl.18.00
Kleivanrenn søndag 3.februar start kl.12.00.
Ny hovudsponsor!
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Jan 2019
Fjellhug/Vereide il kan ønskje Entreprenør Olav Hjelmeset AS velkomen som lagets nye hovudsponsor!
Avtale mellom sponsor og klubb er underteikna, og den stara opp 1. januar 2019. Idrettslaget ser fram til eit godt samarbeid, og takkar Olav Hjelmeset for at han og firmaet hans vil vere ein god støttespelar for aktivitetane i Fjellhug/Vereide framover.