Fjellhug/Vereide på Landsbylaurdag

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Okt 2019

Landsbylaurdagen i morgon står i organisasjonane sitt teikn. Ulike lag og organisasjonar i kommunen får høve til å markere seg på stands i sentrum, og reklamere for seg sjølv.

Fjellhug/Vereide har lagt opp til også å delta, og vi vil setje opp eit partytelt der vi skal ha ulike aktivitetar.

Vi håpar at medlemer vil hjelpe til med å vise oss fram, og også å kome innom standen.  Kleivane Skianlegg er mellom anna eit stort aktivum for laget, og vil få høve til å marknadsføre seg.  Det same vil gjelde for dei andre gruppene.




Gloppen Halvmaraton - Vinnarar 2014-2019

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 8. Okt 2019

                                Vinnarar 2019: Lars Ole Hageskal og Jodi Brautaset



Takk til funksjonærane!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Okt 2019

Friidrettsgruppa takkar så mykje alle funksjonærane som var med å avvikle stemnet slik at deltakarane var svært nøgde!  Det er viktig at vi leverer som arrangør, og denne helga gjorde vi det!  Tidtakarar, folk på dei tre drikkestasjonane, sekretariatet, leiebil, vakter i svingen på Elvaneset, løypevakter i sentum, og fleire: Alle gjorde ein prima jobb!

Og skrytet frå deltakarane bringar vi så gjerne vidare, utan gode funksjonærar får vi ingen ting til!



Gloppen Halvmaraton: Premievinnarar

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Okt 2019

Lars Ole Hageskal, Kyrksæterøra var belønna med eit fenalår frå Bunnpris, for beste tid i herreklassen. Beste kvinne vart Jodi Brautaset, som fekk same sort premie for sin prestasjon. (foto: Jan Petter Venøy)

Resten av premiane vart delte på loddtrekking på startnr. og her er lista:



Gloppen Halvmaraton - Dette var kjekt!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Okt 2019

Desse to unge karane kan stå som illustrasjon på dagens arrangement.  Sander Aske Granheim og Emil Helgheim var dei einaste som melde seg på mini-halvmaraton, 5 rundar pluss 109 m på Idrettsplassen.  Dei fullførte i flott driv: Sander 8.44,2 og Emil på 8.48,5.  Begge er 12 år, Sander frå Fjellhug/Vereide, Emil frå STIL.

Det vart ein flott Gloppen Halvmaraton, og arrangemanget gjekk greitt.  Mange godord i etterkant frå deltakarane, både over oss som arrangørar, men også over den flotte løypa, naturen, godt ver - alt saman faktorar som førde til mange persar og årsbeste for deltakarane.  Og som vanleg når folk er nøgde; dei vil komme igjen ved seinare arrangement.

Dei to beste tidene (menn og kvinner) hadde Lars Ole Hageskal frå Kyrkjsæterøra il og Jodi Brautaset. Tidene var hhv. 1.16,44 og 1.31,33.

                                                                  Lars Ole og Jodi


I den uformelle trimklassen på 10 km, stilte tre løparar.  Dei fekk slike resultat:


Som arrangørar kunne vi tenkt oss fleire lokale deltakarar.  No var fleirtalet frå Møre og Romsdal og Trøndelag, og det er veldig inspirerande for oss at langløparar køyrer så langt for å vere med på Gloppen Halvmaraton.  Difor hadde det vore veldig kjekt om også fleire løparar frå Gloppen og Sogn og Fjordane stiller opp. Løypa er kort og godt fantastisk bra for å prestere gode tider i.

Med alle dei gode tilbakemeldingane, og med eit så triveleg arrangement som årets halvmaraton var, er det gode sjansar for at Fjellhug/Vereide kan innby til nytt stemne første laurdag i oktober 2020.




Gloppen Halvmaraton: Funksjonærliste

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 3. Okt 2019


GLOPPEN HALVMARATON laurdag 5. okt. 2019

(start ved STIL-stova kl 14.00, ein del startar kl 13.00)

 

Stemneleiar:                                                   Dagfinn Nyhammer

Startar:                                                              Birger Berge/Dagfinn Nyhammer

Tidtaking:                                                           Jon R Hauge/Yngvill Oen

Tidtaking/sekretariat, resultatskriving:  Yngvill Oen  (Else, Elling. og Kirsti hjelper også til i målområdet, (dersom det er behov)når dei er ferdige med løypevaktjobben)  

Løype-bil:                                                          Birger Berge

Mini-Halvmaraton på Idrettsplassen:  Start kl 14.15:    Else, Elling, og Kirsti

 

Løypevakter Hansensvingen:                    Odd Kolset (hovudansvarleg) , Per Rune Vereide, , Else Lundestad, Elling Fjellestad

Her er det viktigast å passe mest på på sørsida av svingen, sidan løparane kjem i innersvingen, mot trafikken.  Vi set opp skilt om at det føregår løp før svingen, og kanskje nokre små kjegler i innersvingen som gjev ein god halvmeters rom for løparane?  Vakthaldet har vi berre bruk for til alle har passert på veg ut, inn att spring dei med trafikken, og kjem ein og ein, og då burde det greie seg med kun varslingsskilt)  De får to radioar til disposisjon.

 

Løypevakt ved G-sport-hjørnet:              Jonfinn Aske, Kirsti Bjotveit

Her må trafikken inn mot krysset stoppast dei 1-2 minuttane det tek før løparane har kome seg frå Firdavegen og inn på FV615.  Så må ein passe på at det ikkje er fotgjengarar som går i vegen i same tidsrommet. Løparane spring i gata på veg ut, og skal ikkje krysse ved hjørnet til G-Sport.  På tilbaketuren kan dei krysse inntil hjørnet, og då treng vi  ikkje vakter.

 

Drikkestasjonar:                                             Magne Tystad har overordna ansvar

Saftstasjon ved Gloppen Sementstein:  Eli Evebø (evt. mann), Stian Evebø Tystad

Saftstasjon Rygg:                                           Vidar Nyhammer/Magne Tystad

Saftstasjon snupunkt (noterer også startnr og passeringstider):  Ivar Bruun, Henry Hammersland (ver obs på at nokre startar kl 13.00). Henry: Radiokontakt med starten, for å starte klokkene ved vendepunktet!!  Treng de ein ekstra, for å skrive passeringstider?

Fjellhug/Vereide ordnar med saft og vatn til drikkestasjonane.

 

Kiosk (enkel):                                              Ansvarleg: Roger Sunde Andenæs

 

Dersom alle møter ved Stil-Stova kl 13.00, er det fint.  Yngvill må møte kl 12.30, då det kan kome løparar som ikkje er førehandspåmelde.

 

Sjå elles heimesida, eller ta kontakt dersom de lurer på noko: http://www.fjellhugvereide.no/p/22449/gloppen-halvmaraton 

 

Friidrettsgruppa v/ Dagfinn    

mobil 41227968

Epost: dagfinn.nyhammer@enivest.net