Kjempegodt basarresultat!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Nov 2019

Fjellhug/Vereide IL vil takke alle som bidrog med gevinst, kjøpte lodd og møtte opp på basaren i Haugtun søndag 15.11.

Nettoresultatet vart kr.54.000,-

Vi takkar spesielt handelstanden på Sandane og omegn for alle dei fine vinstane.

Handle lokalt!



Heider til Else Margrete

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Nov 2019

På idrettsbasaren vart det delt ut pris til leiar i laget, Else Margrete Larsen.  Statuttane for Heidersprisen er slik:

  1. Heidersprisen kan delast ut til personar som 
  2. - Administrativt og/eller som aktiv har gjort ein stor innsats for idretten i Fjellhug/Vereide IL
  3. - Eller på andre måtar gjennom mange år har ytt Fjellhug/Vereide IL ei stor teneste

Else Margrete har vore ein energisk og strukturert leiar, som har jobba for å gje laget ein organisasjon som er beskriven i ein organisasjonsplan, og med oppgåvene definert inn i den.  Ho har også som leiar vore ein pådrivar i tyngre saker som utbygginga på Kleivane til det anlegget det er vorte, grunnavtalar, og andre formalitetar i mellom anna finansiering, kjøp av trakkemaskin, m.m., her i godt samarbeid med skigruppa.  Ho set krav til oss andre i klubben, og er ei ryddig dame. 

Ein velfortent pris, som kom veldig overraskande på ho, ettersom styret har greidd å handsame denne tildelinga i stor hemmeligheit for styreleiaren!



Treningstider

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Nov 2019

Treningstider finn du  HER



Lagsrekordane i friidrett i Fjellhug/Vereide

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Nov 2019

Eg har ikkje så mange bilete frå "gamle dagar" på friidrettsbana, men på dette finn ein nokre av lagsrekordhaldarane.  Framme f.v.: Merete Lund, Astrid Fjellestad, Elisabeth Fjellestad, Anne Merete Kleppenes, Ane Lote, Jorunn Lund og Olin Austrheim.  Bak f.v.: Odd Bjørn Hjelmeset, Ragnar Christensen, Kjell Ove Hauge, Roger Hjelmeset, Rune Fjellestad og Terje Christensen.


Her er oppdaterte lagsrekordar i friidrett, og dei kjem også truleg på trykk i komande nr av Gloptimisten. Sidan arbeidet er gjort, kan det vere greitt å ha dei inn også på heimesida.

Med unntak av Lisa Selsvik sin sleggerekord, er alle frå før 1988.  Då Gloppen FIL vart skipa, gjekk seniorane inn i dette laget.