Terrengløpskarusell på Myra/Åsen
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 31. Mar 2019
Terrengløp på Myra/Åsen. Karusell med løp 2. april, 9. april, og 23. april.
Påmelding kl 17.30, start kl 18.00.
Alle kan vere med (0-100 år)
Premiering: Dei som har vore med på minst 2 av 3 løp, får fin premie.
Smoothie til alle på dei to første løpa, kake og saft på det siste!
Startpengar kr. 40,- pr deltakar, pr. start
Arrangør: STIL, med litt hjelp frå Fjellhug/Vereide
KM terrengløp nærmar seg
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 31. Mar 2019
Laurdag 13. april kl 15.00 arrangerer Fjellhug/Vereide il igjen KM terrengløp i Åsen.
Dette er etter kvart vorte eit innarbeidd arrangement, som dei seinare åra har hatt rimeleg god deltaking. I fjor deltok såleis god og vel 50 løparar i barke- og grusløypa i Åsen.
Området har etter kvart utvikla seg til ein veleigna arena for slike arrangement, med grillhytta og eit snart ferdig servicebygg som i alle fall frå neste år vil vere ein god base for også idrettsarrangement.
I år er det sett opp eit mobilt toalett i området, slik at "nødvendige ærend" kan gjerast utan å måtte dra til næraste bensinstasjon...
Innbydinga finn du her: Innbyding KM terrengløp 2019.docx
SFE Motbakkekarusell også i år
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Mar 2019
Vårt alltid tilstadeverande energiselskap Sogn og Fjordane Energi (SFE) vil også i år vere med å arrangere SFE Motbakkekarusell. Det set vi stor pris på, og vi håpar alle som er innom trening og energibruk i det fri set pris på at vårt lokale energiselskap i Sogn og Fjordane støttar opp om arrangementa vi har.
SFE Motbakkekarusell omfattar i år
- Molda Opp i Svelgen (Svelgen Il), løpsdato 15. juni
- Svinestranda Opp, Sandane (Fjellhug/Vereide il), dato 23. juni
- Trollenykjen Opp, Nordfjordeid (Eid il), 30. juni
- Troda Opp, Davik (Davik il)
Alle desse løpa går sjølvsagt som sjølvstendige arrangement, men til slutt premierer vi (ved loddtrekking om pengepremiar), dei som har vore med på 3 av 4 løp. Det gjeld både konkurranseløparar og mosjonistar.
Kvar arrangør syter såleis for å informerer/reklamere for sine løp, og vi vonar at det vert mange som blir med på minst tre av løpa slik at vi får god deltaking i karusellen.
TAKK TIL SFE - BRUK DEI GJERNE SOM DIN STRAUMLEVERANDØR. DEI STØTTAR DEN LOKALE IDRETTEN!
Årsmøte-nytt
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Mar 2019
Årsmeldingane vart godkjende. Ved ein glipp var ikkje årsmeldinga til O-gruppa komen med, den blir å ta med i referat frå årsmøte. Trimgruppa si årsmelding vil også kome som eit tillegg.
Medlemskontingent og treningsavgifter vart vidareført med same satsar som i 2018.
Medlemsavgift | Treningsavgift | |
Born 0 – 10 år | 200 kr | 0 |
Born 11 – 19 år | 200 kr | 350 |
Vaksne | 300 | 500 |
Rekneskapen syner ei omsetning på over 800 000 siste år, der inntektene har vore medlemskontingent (128`), tilskot (181`) Stemneinntekter/sal/utleige (172`) Basar/dugnad (75`), Sponsor/gåver (144`) og Parkering Kleivane (176`). Største utgiftspostane har vore Kleivane, Reparasjon/Vedlikehald, Treningsavgift/halleigeog utstyr/premiar. Overskotet vart om lag to hundre tusen kroner, noko som kjem vel med for framtidige investeringar på m.a. Kleivane. Laget ar ein sunn og god økonomi, og er vel-drive.
Halleiga var diskutert under årsmøtet. Den er stor, spesielt for handballgruppa. Styret og årsmøtet er samde om å skjerme dei yngste i laget for ekstra treningsavgifter for å dekke noko av halleiga, og dermed at laget dekkjer det som det kostar å leige Trivselshallen. Halleiga er imidlertid så høg at årsmøtet uttrykte bekymring for at det blir dyrt å gje dei yngste gode treningstilbod til ein overkommeleg pris.
O-gruppa blir ei "sovande gruppe"
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Mar 2019
O-gruppa har hatt liten aktivitet siste åra, og slit med rektruttering. På årsmøtet var det lagt fram eit forslag om at O-gruppa burde gå inn som ein del av friidrettsgruppa. Forslaget hadde vore diskutert i styremøte, der ein heller ønskte at gruppa kunne halde fram som ei "sovande gruppe", med kun ein tillitsvald.
Dette forslaget vart samrøystes vedteke av årsmøtet, noko som betyr at O-gruppa består, og framleis er tilknytta krins og forbund, men med den praktiske konsekvensen at aktiviteten er lagt ned for ein periode.
Vidar Eide held fram som åleine-tillitsvald i "gruppa".
Tillitsvalde i Fj/V etter årsmøtet
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Mar 2019
Valnemnda v/ Ingeborg S. Storaas hadde funne fram forslag til tillitsvalde i alle possisjonar, og etter valet er samansetjinga av utval og gruppestyre slik i Fjellhug/Vereide il:
Årsmøtet i Fj/V: Stor kontinuitet ved vala
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 17. Mar 2019
Arbeidsutvalet i Fjellhug/Vereide il er det same etter valet på årsmøtet som før: Leiaren Else Margrethe Larsen held fram. Det same gjer nestleiar Erling Sande (t.v.) og kasserar Svein Hauge (t.h.).
Den fulle oversikta over vala som vart gjort, kjem seinare.
Svinestranda Opp - Innbyding
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 16. Mar 2019
Innbyding til Svinestranda Opp
Arr.dato: Søndag 23. juni, med hovudstart kl 12.00, i Sandane sentrum.
Mål for alle er toppen av fjellet Svinestranda, 1074 m.o.h., distansen er er ca 7 km lang.
Informasjon på heimesida: http://www.fjellhugvereide.no/p/8037/svinestranda-opp
Praktisk info:
· Svinestranda er også i år eit løp i SFE Motbakkekarusell. I år er der 4 løp, der ein må vere med på tre for å telje i samanlagtkarusellen (Svinestranda, Trollenykjen, Vetenløpet og Troda (Davik))
· Konkurranseklassen: Alle som startar frå Sandane skal ha ryggsekk på min. 2 kg
- Startkontingent: kr. 300,-/100,- (Hovudløp/3-km)
· Startkontingent etterpåmelde: kr. 400,-for hovudløpet.
- Startpengar elles: Kr. 100,- for dei som er under 15 år, og kr. 50,- for mosjonistar/trimmarar utan tidtaking.
- Eingongslisensen er kr. 40,- i dette løpet.
· Påmeldingsfrist: Onsdag 20. juni. Etter påmeldingsfrist: kr 100,- i tillegg for konkurranseklassane
https://mosjon.friidrett.no/participant/arrangement.aspx?id=266879
· Kontonummer: 3705.33.01917
· Start 14 år og yngre (3 km) er på Austrheimsstøylen, og starten går kl 12.00
· NB! Start for M/K veteran 60 år og eldre går frå Sandane sentrum kl 11.30
· Hovudstarten elles er kl 12.00 frå Sandane sentrum
· Mosjonistar har tre alternativ: a) Frå Sandane til Austrheimsstøylen eller toppen, b) starte på Austrheimsstøylen og gå til toppen, eller c) Parkere på Kleivane og gå til Austrheimsstøylen, evt. til toppen. Alle mosjonistar registrerer seg på Austrheims-støylen, - enten ved passering eller start.
· Premieutdeling ca kl 15.00, på Austrheimsstøylen. NB: Ein premie verdi kr. 1000,- skal trekkast til slutt mellom løparar, mosjonistar og funksjonærar. For å få premien, må vinnaren vere til stades under trekkinga.
· Før start: Klede vert bringa frå startområdet til Austrheimsstøylen.
- Etter løpet/premieutdelinga vert det køyrt bilar frå Austrheimsstøylen til sentrum
SVINESTRANDA OPP ER OGSÅ I ÅR EITT AV FIRE LØP I SFE MOTBAKKEKARUSELL.
ÅRSMØTE SØNDAG 17. MARS KL 18
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 12. Mar 2019
Det vert årsmøte i Fjellhug/Vereide IL søndag 17. mars, kl 18.00. Årsmøtet vert på Nordstranda Skule.
Årsmøtesakene finn de i artikkelen om Årsmelding 2018
Årsmøtet handsamar dei vanlege sakene som årsmelding,medlemskontingent, treningsavgifter, rekneskap, budsjett og val, samt innkomne saker.
Det er kome inn ei sak til årsmøtet: O-gruppa si framtid. Sjå bakgrunn for saka O-gruppa, sak 2018.docx.
Styret har handsama saka, og vil orientert om styret si holdning på årsmøtet.
KM terrengløp 13. april (inkl.Nordfjordkarusell)
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 12. Mar 2019
Medaljevinnarane i J13 i 2018: Johanne Støfring, Jølster (sølv), Ingeborg Sætren, Hornindal (gull) og Cathrine Nygård, Almenning (bronse)
Laurdag 13. april kl 15.00 arrangerer Fjellhug/Vereide il igjen KM terrengløp i Åsen.
Dette er etter kvart vorte eit innarbeidd arrangement, som dei seinare åra har hatt rimeleg god deltaking. I fjor deltok såleis god og vel 50 løparar i bark- og grusløypa i Åsen.
Området har etter kvart utvikla seg til ein veleigna arena for slike arrangement, med grillhytta og eit snart ferdig servicebygg som i alle fall frå neste år vil vere ein god base for også idrettsarrangement.
I år er det sett opp eit mobilt toalett i området, slik at "nødvendige ærend" kan gjerast utan å måtte dra til næraste bensinstasjon...
Innbydinga finn du her: Innbyding KM terrengløp 2019.docx
Årsmeldinga 2018 er klar
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 11. Mar 2019
Fjellhug/Vereide il held årsmøte på Nordstranda Skule søndag 17. mars kl 18.00.
Årsmeldingane frå gruppene og hovudstyret er no klare, og samla årsmelding 2018 finn du her: Årsmelding 2018 II.docx