Besøk frå Idrettskrinsen
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 30. Apr 2019
Styret i Fjellhug/Vereide IL hadde hyggeleg besøk frå Idrettskrinsen av Bodil Ryste som er Idrettsfagleg konsulent. Ho fortalde om dei endringane som vil kome når det blir Vestland Idrettskrins frå 2020. Vi hadde gode diskusjonar og innspel om korleis vi som klubb kan utvikle oss, og kva vi treng av kurs idrettskrinsen tilbyr.
Fjellhug Vereide 290419 presentasjon frå Idrettskrinsen ved Bodil Ryste.pdf
Gloppe-Trim nr 1 - 2019: 73 frammøtte!
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Apr 2019
Foto:
Birgith Hjelle Roset
Namn og tal frå årets første Gloppe-Trim:
(På lista skal ogs Anne Andenæs, Marit Apalset og Ingrid Andenæs vere med)
Vårpuss i premieskapa
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Apr 2019
Leiaren i Fjellhug/Vereide Il, har saman med resten av huslyden, teke vårreingjering på premieskapa i Haugtun. Gamalt sølv og tinn må friskast opp litt av og til, og det er nok år og dag sidan pokalane har sett støvklut og pussefille. Flott jobba av Else Margrethe & co!
Magne Tystad har levert ei liste over premiane og kvar dei er vunne - her er mykje god, gamal historie , og ikkje så få sveittedråpar ligg også bak premiesankinga.
Heimesida; opplæring og info
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Apr 2019
(illustrasjonsbilete)
Gruppeleiarane og andre interesserte vert oppfordra å vere med på ca 1 times opplæring/oppfrisking om å kunne legge inn stoff på heimesida sjølve.
Heimesida er laget sitt ansikt utad, og for at både eigne medlemer og "folket der ute" skal ha nytte av informasjonen vi legg ut, bør sida oppdaterast jamleg. Til det treng vi alle si help.
SFE torsdag 25. april kl 20.00
KM Terrengløp - RESULTAT
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 13. Apr 2019
Det var 52 påmelde til dagens KM i terrengløp, som Fjellhug/Vereide il arrangerte på Myra i Åsen. Beste tid i 3,6 km-løypa hadde Eivind Øygard frå Jølster. Han forbetra den sterke løyperekorden sin frå i fjor med 12 sekund.
Foto: Svein Hjelmeset
KM Terrengløp: Førehandspåmelding
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 12. Apr 2019
27 løparar er førehandspåmelde til KM i morgon. Vi saknar ein del trufaste deltakarar, og ventar at fleire melder seg på før start i morgon.
Nokre invitasjonar til arrangement
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Apr 2019
1. mai-løpet på Åheim, eit populært arrangement: Åheim - invitasjon_1.mailøpet2019 (1) (1).pdf
Breimstafetten: http://www.breimstafetten.no/
Oldenstafetten: https://wp.nif.no/PageTerminDetail.aspx?LinkId=327503
Organisasjonsplan i Fjellhug/Vereide
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 2. Apr 2019
Fjellhug/Vereide har utarbeidd ein organsisasjonsplan for laget. Den skal vise organisering, historikk og aktivitetar i laget og gruppene.
Organisasjonsplanen skal vere eit levande dokument, som skal oppdaterast av arbeidsutval og grupper med jamne mellomrom.
Organisasjonsplan Fjellhug Vereide revisjon 5 -januar 2019.docx
Organisasjonsplanen for Fjellhug/Vereide il
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 2. Apr 2019
Fjellhug/Vereide Il har jobba fram ein organisasjonsplan, som skal vise organisering, historikk og aktivitetar i klubben.
Den skal vere eit levande dokument, som arbeidsutval og grupper skal halde oppdatert.
Utgåva som ligg her er datert januar 2019.
Organisasjonsplan Fjellhug Vereide revisjon 5 -januar 2019.docx