Flott dag i Trivselshallen

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Jan 2020

Her er resultata frå Trivselshalleikane i friidrett i dag, 18/1-20:

Trivselshalleikane 2020 Resultatliste - Komplett (presse).docx



Med 93 påmelde og rundt 250 enkeltstartar vart Trivselshalleikane i friidrett ei massemønstring av ung idrettsglede.  Øvingane var 60m, lengde, høgde og kule/liten ball.  Her var utøvarar frå 13 klubbar, frå Fiskå på Sunnmøre til Bjørn Il i indre Sogn.

I Trivselshalleikane er det lite fokus på resultat, men Mathias Dale frå Breimsbygda Il fekk opp nokre flotte støt i kule, med besteresultat på 17,99, noko som er i landstoppen, og mellom dei beste internasjonalt i hans årsklasse.  Det lovar godt for sesongen hans vidare, når friidrettsfolka til våren skal bevege seg utandørs.

STIL og Fjellhug/Vereide er saman om arrangementet, og vi seier oss godt nøgde med dagens stemne.

Tusen takk til alle frammøtte for god innsats, takk til Øystein i Trivselshallen for god tilrettelegging, og ikkje minst takk til funksjonærane våre!  Utan dei vert det ingen arrangement.




Mathias Dale, BBIL, saman med ein av trenarane sine, nestoren Ola Bergheim.



Trivselshalleikane - TIDSSKJEMA

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 17. Jan 2020

Tidsskjema for Trivselshalleikane. Legg merke til at det er svært stramt tidsskjema i lengde, pga. at ein ikkje får starte lengde før 60 m er ferdig.  Difor kan hopparane ikkje pårekne noko omfattande innhopping før ein startar omgangane. Det er 3 forsøk i lengde, og kast.  Tidsskjemaet må kunne justerast undervegs, dersom øvingar skulle kome noko skeivt ut.  Vi ber alle vere merksame på endringar som vert gjort under stemnet.

NB! Sjå ei lita endring under tidsskjemaet nedanfor.

Velkomne til Sandane og Trivselshallen!

Vi har gjort ei lita endring for Lengde Jenter 14 år, sidan det arrangementsmessig er betre å skilje dei med satssone frå dei som satsar frå planke. (For gutar har vi ikkje gjort det, sidan det involverer berre 2 deltakarar, og det vart litt vanskeleg å få til tidsskjemaet om vi skulle gjere noko med desse):




Aktivitetsleiarkurs på Byrkjelo

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Jan 2020

Sted: Breim skule, Byrkjelo
Start: 14.03.2020 09:30Slutt: 15.03.2020 14:30

Saman med Breimsbygda IL arrangerer idrettskretsen Aktivitetsleiarkurs barneidrett på Breim skule 14. - 15. mars 2020. Vi ønskjer alle som ønskjer å lære meir om å leie aktivitet for barn i alderen 5-12 år velkomen til kurs!

Målgruppe:
Trenarar og leiarar for barn i alderen 5-12 år i den frivillige idretten, eller aktivitetsleiarar i barnehage, skulefritidsordning eller skule. Kursdeltakar må vere fylt 14 år det året ein tek kurset.

 

Innhald:
Kurset inneheld både teori og praksis i følgande emner: Idrettens verdigrunnlag, barns læring og utvikling, aktivitetsleiarrolla, samt planlegging, gjennomføring og evaluering av økt.


Mål:
Etter gjennomført kurs skal ein kunne leggje til rette og leie aktivitet for barn, slik at barna opplever glede, tryggleik og meistring i idrettsaktiviteten for aldersgruppa opp til 12 år.

 

E-læring:
E-læringa Barneidrettens verdigrunnlag må gjennomførast før kursstart (ca 2 timar). Link: ekurs.nif.no. Logg inn eller opprett ny brukar. Gå til trenarløypa og velg «Barneidrettens verdigrunnlag» i nedtrekksmenyen. 

Timetal: 12t med kurslærar + 2t e-læring

Kurslærar: Ann Kristin Remmen, Vestland idrettskrets

Påmelding:
Innan tysdag 10. mars på epost til Bodil Ryste, Vestland idrettskrets: bodil.ryste@idrettsforbundet.no Nødvendige opplysningar: Namn, f.dato, epost, telefonnummer og idrettslag.

Det må vere minst 10 deltakarar for at kurset gjennomførast. Maks 25 deltakarar.

Praktisk info:
Deltakar må ta med matpakke og drikke sjølv, samt skrivesaker. Deltakar må ha med treningskle/sko til innandørs bruk både laurdag og søndag.

 

Kursavgift:
Kr. 750 per deltakar. Ved 5 eller fleire deltakarar frå same idrettslag er prisen kr. 600,- per deltakar. Kursavgifta inkluderer boka Barneidrettstrenaren. Kursavgifta vert fakturert i etterkant.

 

Her er link til invitasjon i pdf



Laurdag 18. januar: TRIVSELSHALLEIKANE

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Jan 2020

Laurdag arrangerer STIL og Fjellhug/Vereide Trivselshalleikane i friidrett for 8 år og oppover.  Deltakarane frå Fj/V betalar ikkje startkontingent, det fiksar klubben.  Meld deg på, fristen er innan onsdag kveld for deltakarane våre.  Meld frå til Dagfinn Nyhammer.


Innbydinga:

Fjellhug/Vereide IL og Sandane T&IL har gleda av å innby dykk til innandørs friidrettsstemne i Trivselshallen på Sandane. Dato: Laurdag 18. januar kl 13.00 

Klassar: Gutar, jenter, menn og kvinner, 8 år (f. 2012) og eldre Øvingar: 60 m m/ elektronisk tidtaking. Lengde, høgde og kule. Gutar/jenter 8-9 år: Liten ball i staden for kule: Startpengar pr. øving: kr 60,- til og med 12 år (2006), og kr. 90,- for dei som er eldre. 

Kontonummer startpengar (betalast samstundes med påmelding): 3705.33.01917 Alle som er fødd i 2007 eller tidlegare må ha heilsårslisens, 

Premiering: Deltakarmedalje til alle. Kiosk i foajeen i hallen. 

NB! Benytt høvet til å prøve det fantastisk flotte badeanlegget, Trivselsbadet! Ekstra godt tilbod til dei som deltek på stemnet, eller er med deltakarane: Gruppeprisar på billetten, og ein får billettar hos stemnearrangøren.




Stadlandet Rett Vest - invitasjon

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Jan 2020

Invitasjon til 4. løpet i Nordfjordkarusellen: Stadlandet Rett Vest 2020.pdf 24. mai 





Gladmelding; Norgescupstatus for Svinestranda Opp!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Jan 2020


Gledeleg melding frå Motbakkeutvalet i Norges Friidrettsforbund: Svinestranda Opp får NorgesCup-status i 2020!

Arrangementet er laurdag 20. juni, og vi hpar og trur at vi vil ha mange av dei beste motbakkeløparane på startstreken.



Eposten frå NFIF:

Løpa i Norsk Motbakkecup 2020 er no tildelt, og vi vil retta ei takk til alle som søkte om å få arrangera løp i årets norgescup.
 
Løpa er: 

1)  20. juni - Svinestranda Opp http://www.fjellhugvereide.no/p/8037/svinestranda-opp, Fjellhauge/Vereid IL,  Gloppen kommune

2)  11. juli -  Kvasshovden Opp http://kvasshovdenopp.no/, Ulvik IL, Ulvik herad

3)    8. august - Folgefonna Opp http://uskedalil.no/ http://www.folgefonna-opp.no/, Uskedal IL, Kvinnherad 

4)  29. august - NM Førde Opp https://fordeopp.no/, Førde IL, Sunnfjord kommune

5)    6. september - Rosendal NutenOpp https://www.rosendal-turnlag.no/ www.fjellstreif.no, Rosendal Turnlag, Kvinnherad

 

14n - (15l). november VM Lanzarote, Spania (n=normalt oppoverløp, l=langdistanse)


Vi ynskjer å gratulera dei som vart valde ut til å arrangera løp i cupen, samstundes som vi beklagar ovanfor dei som ikkje blei tildelt arrangement. Sjølvsagt skulle vi gjerne ha tildelt løp til alle, men det går diverre ikkje. Vi håpar difor at de vil søkja igjen ved seinare arrangementsutlysningar.

I og med at VM i år går veldig seint, vil serleg dei lengste og seinaste løpa i Norsk Motbakkecup bli vektlagde som uttaksløp.

 Nytt av året er elles at Motbakkeløpsutvalet for konkurranseklassane i Norsk Motbakkecup anbefaler arrangørar om å gå vekk frå vektkravet på sekk  og heller stiller krav til utstyr i sekken.