Sponsor/ Samarbeidspartnarar: Vi har fem på laget!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Feb 2020

Svinestranda Opp og Gloppen Halvmaraton er to arrangement som har tradisjon i Fjellhug/Vereide IL. Næringslivet i Gloppen hjelper oss kvart år med sponsormidlar for desse (og andre ) arrangement.  For å ha litt langsiktigheit både for oss og bedriftene, ønskjer laget å få til ein samla sponsorpakke som inneheld desse to arrangementa både i 2020 og 2021.  Svinestranda Opp 2020 måtte vi avlyse pga koronasituasjonen, men det løpet vil truleg få Norges-cup-status i 2021.   Gloppen Halvmaraton er NM-arrangement i 2021.

Dei firma som du ser over, er med på sponsorpakken 2020/2021 (og for Svinestranda Opp også 2022)  Det som vi opplever som felles for alle fem bedriftene, er eit samfunnsansvar som går vidare enn botnlinja i rekneskapen.  Dei ønskjer å bidra til at dugnad, frivilligheit, og aktivitetsskapande tiltak skal kjenneteikne lokalsamfunnet vårt.  Det set vi i idrettslaget stor pris på, og vi har ingen problem med å anbefale at  folk nyttar seg av tenestene til       

Accountor, Frydenbø, BANO, Nordfjord Laks, og Sparebanken Sogn og Fjordane!


Vi vil også kome tilbake til andre butikkar og bedrifter og bønder med spørsmål om støtte i mindre format når dei enkelte arrangementa nærmar seg.  M.a. er premiering med lokalt tilsnitt svært populært mellom deltakarane. Ta gjerne kontakt med oss!




Kan du vere med på dugnad for Fj/Vereide?

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Feb 2020

Dugnad for Fjellhug/Vereide IL

 Oppdrag vi utfører genererer godt med penger til laget, og er såleis viktig for oss.

 Vi har blitt spurt om følgande:

Personell Glopperock 2020 (12. - 14.juni). I hovudsak laurdag 13.juni, servering og rydding

Bryllaupservering 1.august 2020 -  7-10 personar, servering og rydding, blir halde på Austrheim

 På begge arangementa må personar være over 18 år.

 Om du har moglegheit til å stille, kontakt Roger Sunde Andenæs i Økonomigruppa på 95193341 / rsandenes@gmail.com

 

 



Årsmøte i Fjellhug/Vereide IL vert søndag 22.mars kl 18, på Nordstranda skule.

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 12. Feb 2020

Innmelding av saker til leiar i laget må skje innan 8.mars 2020.

else.margrethe.larsen@sfe.no

Merk datoen i kalendaren og møt opp. Øyvind Indrebø vil med anna fortelje litt om framdrifta med jubileumsboka i høve 125 års feiringa.

Sakspapir og meir informasjon leggast ut på www.fjellhugvereide.no 1 veke før årsmøte.