KM Terrengløp er utsett

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Mar 2020

Utsett KM.mp4

Pga den pågåande koronasituasjonen har vi utsett KM Terrengløp på ubestemt tid.  Vi får sjå om det blir aktuelt på ettersommaren/  hausten.




NM Halvmaraton til Gloppen i 2021!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Mar 2020

I går kveld kom denne supre meldinga tikkande inn på epost:

"Det ble i styremøte i NFIF 4. mars 2020 besluttet å tildele dere NM halvmaraton 2021. Gratulerer!"

Fantastisk god nyheit, som vi har venta spent på, etter at vi i januar søkte på akkurat dette arrangementet. 

NFIF seier at vi førebels kan beholde første laurdag i oktober som arrangementsdato, slik vi har hatt det som dato for dei årlege Gloppen Halvmaraton. Med andre ord: Gloppen Halvmaraton = neste års Gloppen NM Halvmaraton.

Det er difor også kjekt å informere sponsorane som vi har vore i kontakt med at dette med NM-status no er endeleg bestemt, og at vi set alle klutar til for at vi får arrangementspakken Svinestranda Opp 2020 og 2021 / Gloppen NM Halvmaraton 2020 og 2021 til å bli noko som profilerer Gloppen, idretten og laget vårt på beste måte!







Innbyding til Svinestranda Opp

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 2. Mar 2020


INNBYDING OG PRAKTISK INFORMASJON FOR SVINESTRANDA OPP 2020

Innbyding Svinestranda OPP 2020.docx