Vi ventar spent...
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Apr 2020
SISTE: Friidrettsforbundet tek sikte på å ha klar nye korona-reglar i løpet av veke 19.
Denne veka kjem det truleg nye og reviderte bestemmelsar om idrettsarrangement med færre enn 500 samla.
Det blir spennande å sjå kva vilkår og reglar som kjem til å gjelde, og om det går an å arrangere Svinestranda Opp innanfor rammene som vert lagt. Svinestranda Opp er som kjent terminfesta til 20. juni, 4 dagar etter at dagens bestemmelsar går ut.
Årsmøte i Fjellhug/Vereide IL
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Apr 2020
I mangel av bilete frå årets årsmøte, som gjekk via web, kan vi gå 16 år til bake, til 2004. Sigmund A Vereide var leiar på den tid. Var det skulehuskjellaren på Vereide som var møteplass?
Det vart eit litt annaleis årsmøte i Fjellhug/Vereide IL denne gongen. Reglane rundt koronaviruset sette ein stoppar for å møtest i same rom, og dermed vart årsmøtet avvikla over web. dNaturleg nok vart det ikkje same deltakinga, sidan det er litt meir plundrete å koble seg opp for mange, men likevel deltok 10-12 medlemer på det virtuelle møtet.
Det var stort sett dei vanlege obligatoriske sakene som stor på saklista, og i tillegg skulle lovnorm og organisasjonsplan handsamast.
Årsmeldingane frå Arbeidsutval og grupper var fyldige, og har lege ute på nettet i over ein månad. Arbeidet i gruppene er prega av dei ytre omgjevnadane, som snø (skigruppa), manglande anlegg (friidrett), og oppslutnad. Handballgruppa var eit positivt døme på det siste, med god deltaking på treningane.
Økonomien i laget er god, og rekneskapen vart gjort opp med eit solid overskot. Mykje av det har med utbetaling av tilskot som ikkje det er ført utgifter på i 2019. Likevel må det seiast at både Økonomigruppa og særgruppene har jobba godt, også økonomisk.
Medlemskontingent og treningsavgifter vart vidareført med same satsar som i 2019.
Det er, etter pålegg frå sentralt hald, utarbeidd ny lovnorm for idrettslaget. Den vart gjennomgått for årsmøtet. Største endringa er vel at ein no må ha ei kontrollnemnd i idrettslaget, i staden for revisorar.
Organisasjonsplanen vart også handsama på årsmøtet. Den finn du på heimesida, etter at den er oppdatert etter årsmøtet.
Etter innsendt forslag vart aktivitetane i Barneidrettsgruppa diskutert. Det var kome inn ønskje om at ordet "tyrim" utgår som nemning, og at ein erstattar det med "aktivitet" (sjå forslaget i under "saker til årsmøtet" i ein artikkel nedanfor. Vedtak: Hovudstyret, i samarbeid med BarneIdrett og forslagsstillar arbeider vidare med innhaldet og organisering av tilbodet til dei yngste (3-5 år, 6-8 år, 9-12 år, 13 og eldre).
Val: Else Margrethe Larsen held fram som leiar, med seg i AU får ho Karoline Bjerkeset og Kjellfrid Åsnes Gloppestad. Du finn resten av dei tillitsvalde i artikkel nedanfor,
Under ymse-posten orienterte Øyvind Indrebø om arbeidet som han og resten av jubileumsbok-gruppa har gjort til no, vedr. jubileumsboka som laget ønskjer å gje ut i 2024. Meir info vil bli på neste basar.
Dagfinn Nyhammer tok opp til diskusjon problemstillingane til å arrangere Svinestranda Opp i koronatidene som vi no har. Konklusjon: Vi prøver å følgje myndigheitene sine råd for slike arrangement, og avventar til 1. veka i mai, når nye råd vil kome.
Og etter to timar var eit annaleis årsmøte over...
"Web-master" under det digitale årsmøtet 28/3-20 var leiaren Else Margrethe. I bakgrunnen avtroppande nestleiar Erling Sande. Fotograf var Svein Hauge. Resten av årsmøtelyden befann seg framfor kvar si datamaskin i sine heimar..
Val i Fjellhug/Vereide IL: To nye i arbeidsutvalet
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Apr 2020
Else Margrethe Larsen held fram som leiar i Fj/Vereide Il
Sjølv om veldig mange går på igjen i grupper og utval, vart det likevel litt fornying i tillitsmannsapparatet.
Else Margrethe Larsen held fram som leiar. Nye med seg i arbeidsutvalet får ho Karoline Bjerkeset som nestleiar og sekretær, og Kjellfrid Åsnes Gloppestad som kasserar.
I særgruppene, Trimutvalet, Økonomigruppa og Barneidrett går leiarane på igjen, bortsett frå i Handballgruppa, der Hege Roth-Andenæs avløyser Ingrid Gimmestad.
Ny valnemnd er Steffen Fjellestad (leiar), Olin Austrheim og Erling Sande
Alle tillitsvalde: Microsoft Word - Resultatet etter val på årsmøte 26 april 2020.docx.pdf
Årsmøte søndag 26.april kl 18 - korleis delta?
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 24. Apr 2020
Som tidlegare informert prøver vi å gjennomføre årsmøte som nettmøte. Dei som vil delta må sende e-post adressa til leiar else.larsen64@gmail.com innan søndag kl 12.
Du vil då motta ei møteinnkalling som du klikkar «Delta på møte»
Om du ikke sjølv har e- post så er det lov å sitte saman med familien. Styret beklagar at ikkje årsmøte kan avviklast som normalt, men grunna korona- situasjonen er ikkje det mogleg. Då får vi gjere det beste ut av det.
Problem? Ring leiar 91305361
Velkomne til møte!
Helsing styret i Fjellhug/Vereide IL
Nesteløp,no
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 22. Apr 2020
|
Årsmøte søndag 26.april kl 18 - saksliste med saker!
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 19. Apr 2020
Arbeidsutvalet i Fjellhug/Vereide IL ønskjer velkomen til virtuelt årsmøte!
Det er noko utfordrande å få avheldt årsmøte grunna situasjonen med korona-viruset. Styret har difor vedteke at vi gjennomføre årsmøte som nettmøte. Det vil bli lagd ut meir informasjon om korleis ein logger seg på møte. Årsmelding og innmeld sak er no lagd ut til gjennomsyn før årsmøte.
Linkar til årsmøtesaker:
Årsmelding 2019: Årsmelding 2019 ferdig.docx
Rekneskap 2019: Årsmelding 2019 - Rekneskap.pdf
Revisjonsmelding 2019: Årsmelding 2019 - Revisjonsmelding 12-Revisjonsmelding 2019.pdf
Organisasjonsplan ajour mars 2020: Organisasjonsplan for Fjellhug Vereide IL revisjon 7 mars 2020.docx
Årsmøtesak Barneidrett: Årsmelding 2019 Årsmøtesak barneidretten 2020.docx
Helsing leiar
Else Margrethe Larsen
Vi treng medlemmar til styret - årsmøte vert avholdt søndag 26.april
Postet av Fjellhug/Vereide IL den 17. Apr 2020
På same måte som mange andre aktivitetar i samfunnet har den organiserte idretten stoppa opp. Men skal vi halde Fjellhug Vereide i gang slik at vi kan ta opp att aktivitetar etter at «Koronakrisa» er over - så treng vi frivillige til «styre og stell». Denne gongen er det hovudstyret som er vanskeleg å få styremedlemmer til. Vi håpar denne korte appellen kan få folk til å stille seg positive dersom dei får ein telefon frå valnemnda. Hovudstyret møtast saman med leiarane for dei ulike gruppene ca 5 -6 gongar i året og nokre gongar inn mellom for å gjere nødvendige avklaringar. Arbeidet handlar i hovudsak om å samordne dei felles aktivitetane i laget, løfte laget sine interesser vidare i idretten sin organisasjon og idrettsrådet i kommunen, og formidle informasjon den andre vegen. Ein har også den overordna økonomiske styringa av laget, sjølv om laget har ei eiga økonomigruppe. Arbeidet er ikkje veldig tidkrevande, men likevel roller som må fyllast. Vi håpar nokon kan stille opp slik at laget kan få på plass eit styre inn i det nye arbeidsåret.
Oppmodinga er å ta ein telefon til leiar i valnemda Børre Tystad 952 86 512.
Vi ynskjer deg i styret!