Gloppe-Trimmen: Ajourført Kr. Himmelfartsdag.

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Mai 2020

Her er dei registreringane vi har notert oss pr. 21. mai. (Veke 17-18-19-20-21)  Her kan så absolutt vere feil, i så fall må vi få ei lita melding!  



Svinestranda Opp 2020 er avlyst

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Mai 2020


Så er avgjerda teken: Vi må avlyse Svinestranda Opp 2020.  

Hovudgrunnen er sjølvsagt reglane rundt arrangement og koronasmitte; det er litt problematisk med fellesstart og meteravstand mellom deltakarane på start og tidleg i løpet. I tillegg er det heller ikkje enno opna for å nytte garderobar/dusj. Det tredje momentet i desse tider er at vi er usikre på om deltakarar ville stille på, så tett oppunder dei restriksjonane vi har levd med no.

Noko anna, som ikkje har noko å gjere med korona, er spørsmålet om snøforholda i fjellet.  Pr. no ligg det veldig mykje snø, og siste vekene har det snarare auka enn minka pga kulden. Dette er eit tillegsmoment for at vi no vel å avlyse arrangementet.

Vi håpar at motbakkeutvalet i NFIF overfører alle dei avlyste NorgesCup-løpa til neste år.  Då får vi tru at tilstandane har normalisert seg, og at vi kan arrangere Svinestranda Opp slik vi tidlegare har gjort det i 15 år.

Vi er også glade for å ha hovudsponsorane med oss; i staden for løpa i 2020 og 2021, får dei no 2021 og 2022 inn i avtalen (saman med Gloppen Halvmaraton 2020 og 2021). Dette gjeld:

Frydenbø Bil , BANO, Sparebanken Sogn og Fjordane, Accountor,  Nordfjord Laks  Takk til desse!




Gloppe-Trimmen: Status etter tre veker

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 9. Mai 2020

Her er status etter tre veker Gloppe-Trim.  Nokon som ikkje har meldt frå om trimturane sine?

Veke 19.xlsx



Namn og tal dei to første vekene med Gloppe-Trim

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 4. Mai 2020

Gloppe-Trimmen, liste over deltakarar veke 17 og 18.  Dersom her er nokon som ikkje har fått meldt inn, ber vi om at dei gjev eit vink.  (biletet frå 2019, då det var lov å ha nærkontakt)