Fjellhug/Vereide IL - Ski

Fjellhug/Vereide IL - Ski

PREMIEUTDELING FOR SKIKARUSELLEN

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 3. Apr 2019


NORDSTRANDA SKULEPLASS FREDAG 5.APRIL KL.18.00.

Beklagar kort varsel, men vi satsar på det går bra for dei fleste.
Det er so fine veirmeldingar, at vi blir ute på skuleplassen og gjer det enkelt. Dei som vil kan ta med stol eller noko å sitte på. Sjølv om det er sol, blir det fort kaldt når den går ned, so pass på å ha godt med kle på.

Det er premie til alle som har vore med, uansett om det er 1 eller fleire renn, so møt opp og hent ein fin velfortent premie!

Vel møtt til ei kjekk avslutning på skisesongen :-)

Skiføre på Kleivane sitt bilete.





Samleliste Telenorkarusellen 2019

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 18. Mar 2019


Her er premiane frå eit tidlegare år. Det skal bli fine premiar i år og!!


Samleliste Telenorkarusellen 2019.xlsx

No kan/bør de gå innpå listene å sjå om det stemmer med antal renn de har delteke på. Viss de meinar at noko ikkje stemmer, kan de kontakte Astrid snarast, so sjekkar ho på listene for kvart renn. 

Når de opnar lista, kjem sikkert 7 år og yngre opp fyst. Dei andre klassene ligg på ark 2, 3 og 4 nesderst på sida. Håpar de får opna opp listene.

Det blir bestillt premiar etter antal renn ein har vore med på, so dette er litt viktig, slik at det blir rettferdigt. 

Det blir bestillt premiar iløpet av veka, so sjekk listene :-)




SISTE KARUSELLRENNET FOR I ÅR

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 10. Mar 2019

Siste karusellrennet for i år.

Etter nokre veker med dritveir, der snøen på Kleivane nesten forsvann heilt, vil vi prøve å få til siste rennet. Det er fortsatt bra forhold i lysløypa,so vi satsar på det går bra.

Onsdag 13.mars kl.18.00.

Dei som melde seg på sist, står fortsatt på lista. Men er det nokon som ikkje blir med, so send ei mld til Astrid Fjellestad Hauge, slik at vi ikkje ventar på dokke på Kleivane.
Nye melder seg på som før.
Henting av startnr i skihytta frå kl. 17.00-17.45.

Set opp same hjelparlista som sist, og håpar de kan hjelpe til. Send ei mld snarast om det ikkje passar, slik at vi kan finne nye folk.

Hjelparliste:
Sekr: Astrid og Arne Nesgård
Start: Arne Nesgård og Sverre 
Mål: Johnny Hauge, Jan Roger Engeset, Brede Seim
Løype: Jonfinn Aske og Øyvind
Kake/saft: Roger Sunde-Roger Sunde Andenæs, Berit Gloppestad (Leidulv ), Gunhild Opdal Håvik, Marianne Kvame, Åse Åmot Evebø ( Eli Evebø), Hege Marita Svalheim

Vel møtt alle, både store og små !!


AVLYST KARUSELLRENN

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 14. Feb 2019

AVLYST

Vi må diverre utsette dagens renn, då det var so mykje vatn på Kleivane, at maskina gjekk igjennom fleire plassar.

Kan de hjelpe å spre ryktet, so ikkje nokon køyrer bomtur.

Rennet vil vi prøve å få til så snart forholda blir betre igjen, so påmeldingane står ved lag til då.



Skitreningar i vinterferien

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 13. Feb 2019

VELKOMMEN TIL SKITRENINGER I VINTERFERIEN.

Det blir 3 treninger for barn fra 6.klasse og oppover i regi av Fjellhug Vereide. Er du med ?

* Vi skal ha skiinstruksjon på Kleivane. Du kan vere med selv om du ikke går aktivt og konkurrerer på ski. Dette er god læring i teknikk og gøye skiøvelser.

*Du kan møte opp på så mange treninger du vil. Velkommen!
*De som kan vere med er : Jenter og gutter fra 6.klasse på barneskolen og oppover!
*Ta med langrenn ski (klassisk og skøyteski) og møt opp:

Følgende datoer:
-Mandag 18.februar 12-13.30
-Onsdag 20.februar  12-13.30
-Fredag  22.februar  12-13.30

PS! Det vil også bli laget er SKICROSS løype på Kleivane som ALLE kan være med å prøve, liten og stor!!

MvH Even og Arne Nesgård.


Levert av IdrettenOnline