Fjellhug/Vereide IL - Ski

Fjellhug/Vereide IL - Ski

Telenorkarusell 2.

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 27. Feb 2020

Ein ny flott kveld på Kleivane.

116 deltakarar er jammen flott på ein torsdag🖒
Godt vi har stor p-plass slike dagar.

Takk til foreldre som stiller opp og følger med barna på ski👏👏👏
Det var nesten trangt i løypa til tider, men alle kom seg til mål og fekk saft og kake🍰
Det var også deltakarar frå Stryn og Siggdal i kveld. Til og med tidlegare landslagstrenar Roar Hjelmeset var på stadion. Kanskje han såg etter nye Thereser og Northugar?

Neste renn nr 3 blir måndag 2.mars til same tid og same opplegg, so det er berre å starte påmeldinga! 

Det blir ikkje fleire renn den veka, men er det forhold i veke 11, vil vi prøve det 4.rennet då.

Legg ut noken bilder i dag og.

Dei som saknar lister, so strevar vi med saken. Men dei kjem... 


0 Kommentar

Renn 2 i skikarusellen

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 26. Feb 2020

Minner om påmelding til karusellen i mårå
Til Astrid innen 15.00.

Trenge 2 til å hjelpe Jan Roger ved mål. Skrive ned nr og tid. 

Skulle gjerne hatt ei platekake til og, om noen vil, send mld til Astrid.

Hjelparliste torsdag:

Påmelding:Astrid
Start:Sverre og Arne
Mål:Jan Roger, ++
Kake/saft: Torunn Skarstad, Elling Fjellestad,( Bodil Fj er med å deler ut)
+kake frå Kjellfrid Hauge og ??

Hjelp gjerne å dele innlegget,slik at fleire får vite om renna. 

Velkomne på Kleivane⛷


0 Kommentar

Flott kveld på Kleivane

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 25. Feb 2020

Det vart ein veldig fin kveld på Kleivane med over 110 deltakarar på Telenor-karusellen.
Håpar alle hadde det kjekt, og vil kome att på renn nr. 2 torsdag.
Noken gjekk sikkert lenger enn det skulle i dag,og noken kortere. Vi skal prøve å merke løypene endå betre til neste gong.
Men det viktigaste er at de melder på i rett klasse. Klasse er det antal år ein blir i 2020. Send fødselsår istadenfor alder.

Skal prøve å få lagt ut dagens lister i mårå (dataen er ikkje heilt samarbeidsvillig🤔😏)
Men her er nokre bilder
-------------------------------------------------------
Rennet torsdag 27.februar

Vi køyre same opplegg med påmelding til Astrid før 15.00 torsdag. Resten tar vi på Kleivane. Bet med vipps og send kvittering til Astrid.
Start kl. 18.00 fristil.
Henting av startnr før 17.45.
Kr.50. Pr.stk.

Treng 2 til å hjelpe Jan Roger ved mål og  2 som kan bake kake.
Noken som melder seg😇
Send mld til Astrid 🤗


0 Kommentar

Karusellen tysdag

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 24. Feb 2020

Husk å melde på til skikarusellen i mårå.


Her er hjelparliste tysdag:

Sekreteriat: Astrid og Arne Nesgård

Start: Sverre Nesdal Aske og Arne Nesgård

Mål: Jan Roger Engeset, Johnny Hauge, Bjørn Bakkelid

Løypevakter: Jonfinn Aske, Øyvind Seim

Kake/saft: Ivgvill Aske Granheim, Margot Nesgård

                 +kake frå Bodil Fj. Eikrem og Åshild Vereide


Helst påmelding på førehand før kl.15.00 i mårå, elles på Kleivane frå 17.00-17.30.

Husk å hente startnr før 17.45, so vi er klar til start 18.00.

Det blir 15 sek mellom kvar, so det går unna.

Saft og kake til alle etter målgang.

Velkomne


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline