Maskina i drift igjen

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 31. Jan 2015



Då er maskina igong att ! I dag er Bjarte igong med løypekøyringa. etter at han er ferdig med traseane til rennet, blir det nok fine løyper både til Høxvaren og inni Bjørndalen smile emoticon
Ta turen til Kleivane skisenter i dag, der blir det liv og røre. open kiosk med kaffi og vafler mm. Nyt dagen oppi sola!



Minner om karusell rennet laurdag

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 30. Jan 2015



Husk å meld dokke på til rennet i mårå. Send ei mld til Astrid i dag eller i mårå tidleg før kl10.30. So håpar vi å sleppe stresset rett før start, det tar litt tid å få ut listene og.
Vel møtt


NM sprint klassisk stil på Røros

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 30. Jan 2015

Trygve Henden Gaasø vart nr 49 i prologen, og kom seg ikkje vidare blandt dei 30 beste som fekk gå finalane.
Herre resultata finn de her:
http://www.skinmroros.no/wp-content/uploads/2014/10/revidert_herrer-sprint-kvalifisering-resultater.pdf


KLEIVANE-RENNET, INNBYDING OG FUNKSJONÆRLISTE

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 29. Jan 2015

Søndag 15.februar er det klart for Kleivanerennet.
SSF cup rekrutt/Krinsrenn/Sonerenn.
Rennet går i klassisk stil for alle klasser. Start kl.12.00 for 10 år og yngre.
Det blir sett opp arrangørliste og sent ut innbyding ein av fyrste dagane,so føl med for meir informasjon.
Det er ope for alle ca 6 år og oppover. Dokke som har vore med på karusellrenna må gjerne vere med på dette og. MEN de må melde på på førehand,sjå under.
Medlemar i Fjellhug Vereide betalar kr 50.- ved henting av nr.

INNBYDING TIL KLEIVANERENNET 2015


SSF cup rekrutt/ krinsrenn/ sonerenn

Kleivane skisenter (Fjellbygda) søndag 15.februar

Start: Kl.12.00 for 10 år og yngre

Kl.13.00 for 11 år og eldre

Stilart: Klassisk

TD: Yngve Thorsen

Rennleiar: Jonfinn Aske

Klasser/løypelengder og startkontigent

8 år og yngre ca 1 km 9-10 år ca 1,5 km kr.100.-

G/J 11-12 år 2 km kr.100.-

G/J 13-14 år 3 km kr. 100.-

G/J 15-16 år 5 km kr.100.-

J 17/18 -19/20 år 5 km kr.115.-

Damer senior 5 km kr.130.-

G 17/18-19/20 10 km kr.115.-

Menn senior 10 km kr.130.-

Påmelding online evt til astrid.hauge@enivest.net innan fredag 13.februar kl 23.59.

Ta med kvittering for betalt startkontigent, k.nr 3710.30.87512 evt bet ved henting av startnr.

Premie til alle etter rennet.

Sjå også heimesida http://fjellhugvereide.idrettenonline.no/home/index.rails?pid=4192

Evt facebook, søk på «skiføre Kleivane» eller Fjellhug Vereide

Parkeringsavgift på Kleivane kr.40.- (for dei som ikkje har årskort)

Kiosk.

Ynskjer alle velkomne til ein triveleg dag på Kleivane.

Mvh Fjellhug Vereide IL, skigruppa

V/ Astrid Fjellestad Hauge

Mob 41504566

Arrangørliste til Kleivanerennet søndag 15.februar

Start kl.12.00 for 10 år og yngre kl.13.00 for 11 år og eldre.

Klassisk stil alle klasser.

I år er det SSF cup for rekrutt, so det blir nok god deltaking frå heile fylket. Dette rennet krev litt meir enn vanleg karusellrenn, så vi håpar de stiller opp og hjelper oss.

Funksjonærliste:

Rennleiar: Jonfinn Aske

Løyper: Magnar Solheim, Jonfinn Aske

Arena/merkjing av løyper/løypevakter : Jonfinn, Sverre Aske, Øyvind Seim, Jan Roset, Arne Nesgård, Liv Kristin Rauset (+kake til kiosk)

Startarar: Per Engeset og Finn Hauge

Sekreteriat: Svein Hauge, Anne Britt(+ vaffelrøre), Astrid, Jan Roger Engeset

Mål/tid: Håkon Gaasø, Jon Granheim, Odd Arne Kolseth, Bjørn Inge Solheim, Edvard Fjellestad.

Saft/(ikkje kake i dag)/startnr: Margot Nesgård (+kake til kiosk), Johanna Ganc-Petersen(+kake til kiosk), Ingunn Elvebakk(+ca 20 pizzabollar til kiosk)

Kiosk: Ingvild Aske Granheim (+ ca 20 pizzabollar), Merete Aske(+ca 20 pizzabollar), Marit Myklebust (+ca 20 pizzabollar)

Speaker: Birger Berge

P-vakter:Kleivane ca 10.00. Rune Fjellestad, Terje Solheim, Egil Fjellestad

P-bill på Solheim : frå ca kl.10.00-12.30 Steffen Fjellestad jr

SFE smørjehjelp/tips: Sverre Aske, Øyvind Seim, Jan Roset

Alle møter i god tid. Viss det ikke passar, byt med noken andre.

Føl med på www.fjellhugvereide.no eller facebook sidene (skiføre på Kleivane og fjellhug vereide)

Då ynskjer vi vel møtt på Kleivane, til eit flott igjennomført arrangemang.

På førehand takk for hjelpa.

For skigruppa Astrid Fjellestad Hauge, 41504566





Skileik på Kleivane

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 26. Jan 2015



I mårå, tysdag, vil Vegard Fagerli frå kl. 18.00-19.00 ha skileik for dei under 8 år. Dette blir 2-3 tysdagar framover, med forbehold om at det ikkje er renn.
Det blir laga til cross-løype mm. veldig kjekt å vere med på!
"Vanleg" trening frå 18.30-19.30 for dei som er eldre. Klassisk stil nokre gongar framover no. Møt opp i god tid for å bli klar med smørningen. Sverre og Jonfinn blir der nok og kan tipse om dagens smurning.
Vel møtt.


KOM DEG UT DAG PÅ KLEIVANE

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 26. Jan 2015



Barnas turlag,Gloppen, arrangerar KOM DEG UT DAG på Kleivane søndag 1.februar. Det er lagt opp til fleire aktivitetar, der dei som vil kanskje kan gå ein tur på Haugsvarden som er ein av årets turpostar i Barnas turlag.
Sjå meir info her:
Plakat Kom deg ut vinter 2015.pdf


Andreas Rauset vart trippel KM meister denne helga

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 26. Jan 2015

Andreas Rauset vann alle tre KM titlane i G18 klassa denne helga. I går vann han 10 km klassisk.
Fj/V hadde også 4-5 andre deltakarar med i går,litt færre enn dei andre to dagane.
Her er resultatlista frå klassisk KM:
http://www.skiforbundet.no/Documents/Krets/Sogn%20og%20Fjordane/Langrenn/Resultat/2014-2015/KM%20klassisk%20Eid%20IL%2025%2001%202015.pdf


Resultat frå KM sprint på Tua

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 25. Jan 2015

Her er resultatlista frå KM sprint friteknikk på Tua i Eid laurdag 24.januar.
Andreas Rauset vart KM meister i G18 klassa.

http://www.skiforbundet.no/Documents/Krets/Sogn%20og%20Fjordane/Langrenn/Resultat/2014-2015/KM%20sprint%20friteknikk%20Eid%20IL%2024%2001%202015.pdf


Nokre forandringar på saft/kake lista på rennet laurdag 31/1. Sjekk!

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 25. Jan 2015

Telenor skikarusell renn nr 3.
LAURDAG 31.januar kl.13.00

Vi prøvar til med KLASSISK stil denne gongen.

Påmeldinga viser seg å ta lenger tid enn vi har rekna med. Derfor vil vi prøve noke nytt. Dei som er sikre på at dei kjem,melder seg på til Astrid innan kl.11,00 laurdag. Skriv kor gamle deltakaren blir/er i 2015. Hent nr før kl.12.40.
Elles vanleg påmelding (kø) frå 12.00- 12.30 i skihytta.
Kr 50.- pr start.

Hjelparliste

Start: Per og Finn

Mål: Svein Hauge,Arild Nes, Olav Fuglestrand, Jesper Melin Ganc -Petersen, Per Momrak

Løype: Jonfinn, Øyvind, Sverre, Arne Nesgård

Saft(vi har)/kake (de tar med ei platekake oppskoren i passelege stk ):Heidi Solheim, Sissel Ravnestad,Inger Marie Søreide, Siv kvalsvik Haugen

Liten kiosk: Sidan det er laurdag,vil vi prøve med ein liten enkel kiosk, enten inne eller ute. Sal av kaffi,vaffle,pizzabollar. De tar med 25 pizzabollar kvar. vaffelrøre mm ordnar vi.
Inger Lise vereide, Veronica Hauge

Påmelding:Anne Britt, Astrid

Håpar de kan byte med ein kvan om det ikkje passar denne gongen. Send gjerne ei mld om de kan eller ikkje.


KM i langrenn

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 23. Jan 2015

Denne helga blir det arrangert KM i langrenn på Tua i Eid.
Det startar allereie fredag kveld med vanlege distansar i friteknikk. Så fortset det laurdag med sprint i friteknikk før det avsluttast søndag med vanlege distansar i klassisk stil.
Fjellhug Vereide har ein fin tropp på 10-15 stk som reiser utover. Vi ynskjer alle lykke til,så skal vi prøve å få tak i resultatlister etter kvart.



Nykøyrd løype heilt i Bjørndalen

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 22. Jan 2015

Magnar har i kveld,torsdag,køyrd løype heilt inn til hyttefeltet i Bjørndalen
Mykje snø og fine forhold. Så får vi håpe vi ikkje har brukt opp alt fine veiret denne veka.☺️ Men denne turen er fin i "ikkje fjellveir" 😉


Nykøyrde løyper tysdag kveld

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 21. Jan 2015

Endeleg er trakkemaskina friskmeld😀 Magnar brukte heile ettermiddagen/kvelden i går på løypekøyring. Han køyrde løypa rundt støylane og heilt på Høxvaren😃 Men på fjellet var det god vind,så det kan vere litt igjenblåst.God onsdag og god tur😊


Flott Telenor-karusellrenn på Kleivane i kveld.

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 20. Jan 2015

Over 100 deltok på kveldens renn på Kleivane. Flotte løyper og fint veir gjorde dette til ein fin kveld.
Vi beklagar at det tok litt tid med påmeldinga,men det var litt datatrøbbel i starten, og det kom fleire enn berekna ( men det er berre kjekt) so det tok litt ekstra tid. Starten vart vel ca 10min forseinka,men då gjekk det unna i full fart,og dei fleste var vel ferdige iløpet av knappe timen.
Saft og kake vart det til alle i dag og,takk til dei som hadde baka og styrte med utdelinga.
Takk og til dei andre som var med,startarar,løypevakter og tidtakarar.
Neste renn er sett opp til laurdag31.januar. Føl med her på heimesida og Facebook for oppdateringar og hjelpelister.
Dagens resultatlister blir lagt ut når dei er klar


Trakkemaskina skal vere klar igjen

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 20. Jan 2015

Då skal maskina vere oppe å gå igjen
Det blir køyrt løype til karusellen i kveld. Etterpå vil Magnar prøve seg til fjells. Der er kome mykje snøv oppe,so det blir nok litt planering,og det vil nok ta litt tid. Så vi håpar løypa til Høxvaren blir klar til i morgon, god tur😀

1 Kommentar

Resultat frå dagens SSF cup i Jotun

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 18. Jan 2015

Denne gongen var det berre familien Nesgård som tok turen til indre Sogn på renn. Men Even og Mathias gjorde sine saker bra med ein 3.pl i gutar 15 år og 4.pl i gutar 11 år.Rennet var teljande i SSF cupen for rekrutt.
Resultatliste finn de her:http://www.iljotun.no/dav/51dd8bc6a4.pdf