KM Terrengløp 2017

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Mar 2017

KM Terrengløp-2. runde i Nordfjordkarusellen

Søndag 9. april 2017

Fjellhug/Vereide Il inviterer til KM i terrengløp på Sandane.Dette er også samstundes 2. runde i Nordfjordkarusellen.

Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (barkeløypa), ei lettkupert løype, der ein runde er 1800 m.Det er ulike distansar alt etter klasse.

Dato og tidspunkt:Søndag 09. april.Hovudstart er kl 15.00.Det vert eit miniløp for born før KM-distansane.

Klassar og distansar:

vG/J 13 og 14 år:600 m

vG/J 15 og 16 år:1200 m

vG/J 17 og 18 år, menn junior, og kvinner jr/sen/vet: 1800 m

vMenn sen/vet: 3600 m

Påmelding: Helst på førehand, innan fredag, på epost til dagfinn.nyhammer@enivest.net .Også påmelding fram til 1 time før start, mot ei tilleggsavgift.Sjå elles her: http://mosjon.friidrett.no/

Startpengar:

ü13-14 år: kr. 60,- (ikkje eingongslisens i desse klassane)

ü15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding same dag: kr. 30,- i tillegg.Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens)

üBetalast inn til kontonummer 3705 33 01917

Sjå heile invitasjonen her


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline