Oppsummering Telenorkarusellen 2020

Postet av Astrid Fjellestad Hauge den 1. Apr 2020

Det vart ein kort og hektisk skisesong på Kleivane i år. Snøen kom og reiste fleire gongar, og det var vanskelig å planlegge noko. Både barna og vi i skigruppa venta på å få kome igong med karusellrenn. Dette er lavterskelrenn der alle kan vere med. Alle får på seg startnr og blir starta "profesjonelt" med 15 sek mellom kvar. Dei går ulike runder etter alder. Tida er ikkje so nøye, men kake og saft etter målgang er viktigast!

I slutten av februar kom det endeleg litt snø, og vi "heiv oss rundt" og fekk arrangert renn tysdag 25.februar (111delt), torsdag 27. februar(115 delt), måndag 2.mars(125delt) og siste rennet onsdag 11.mars(89 delt). Det må vi kalle effektivitet! Og utruleg god deltaking, totalt 167 stk har vore med på eit eller fleire renn. Det er vi veldig førnøgde med, når vi kjempa imot alle andre aktivitetar både barna og forledra er med på etter jobb.

På siste rennet var det litt ruskete veir, særleg nede i bygda, men på Kleivane gjekk det utruleg bra, sjølv om det var litt vått og kom nokre fæle snøbyer. Men vi var veldig glade for at vi fekk arrangert dei 4 renna, og det heldt akkurat før CORONAEN slo til for fullt 12.03.2020!

Skigruppa vil seie tusen takk til alle som deltok, til forledre, besteforeldre og andre som har vore med og hjelpt til på renna. De har baka kaker, delt ut saft, tatt tider, vore løypevakter og ikkje minst heia på alle som var med. Løypekøyrarane våre gjorde og ein stor innsats for å få til løypene når snøen minka.

No er premiane bestilde, so får vi håpe at det blir ei anledning til felles premieutdeling etter påske. Då satsar vi på at livet byrjar å normalisere seg igjen.

Det er fortsatt snø igjen oppe, og på fjellet er det mykje. Løypene vil bli køyrde i påska, både til fjells og innover støylane til hyttefeltet, so lenge forholda tillet det.  Det er problem med opa elv på Austrheimstøylen, men ein kan gå over brua lenger nede.

Det blir ikkje Rypeskarrenn denne påska heller. I år hadde det nok gått fint med so mykje snø i fjellet, sjølv om påska er litt sein. Men Coronaen sette ein stoppar for det i år. Vi får berre håpe at neste vinter blir betre og meir stabil enn den har vore i år.

God påske!

Helsing skigruppa i Fjellhug Vereide IL 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.