På startstreken i New York Marathon

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Nov 2014




Etter løpet: Ingunn kom i mål på 4.21, ei tid som ho er svært godt nøgd med, og "langt innanfor målsettinga", slik ho utrykkjer seg på facebook. Gratulerer, Ingunn - dette var ein flott prestasjon!



I morgon har Fjellhug/Vereide for første gong ein deltakar til start i Marathon! Det er Ingunn Vereide, busett på Austlandet, som har teke turen over Alanteren, og stiller i New Yorks gater. Ho melde seg inn att i Fjellhug/Vereide i haust, då ho hadde bestemt seg for turen, og det er vi jammen stolte over!

Som jente var Ingunn ofte med på friidrettsstemne, og det var ei jente med god spenst. Ho har framleis lagsrekorden i høgde utan tilløp med 1,24 frå 1981. Fullfører ho i New York, vil ho ha noko så sjeldan som lagsrekord i høgde u.t. og maraton. Ein flott kombinasjon!

Biletet: Ingunn på sightseeing i New York (biletet er henta frå Facebook)



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.