Lagsrenn på Kleivane, og heider til løypekøyrarane

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Mar 2015





Skikkeleg påskestemning under lagsrennet på Kleivane laurdag, der ein for første gong arrangerte sprint. Først prolog, og deretter runde 2, der startrekkefølga var omvendt av resultata i første runde. Spennande og nytt, og moro å sjå på.

Resultat finn du under "Resultat" i menyen over. Bilete finn du under "Galleri"

Etter rennet var det også utdeling av premiane frå Telenor-karusellen som har gått i vinter, der om lag 170 deltakarar har vore med!

Og ikkje minst markerte ein løypekøyrar og trenarar med gåvekort og blomster. På biletet ser du tre av dei 5-6 faste løypekøyrarane: Bjarte Fjellestad, Stein Hauge og Jon Solheim. Magnar og Ronny Solheim hadde fri denne dagen!

No er det Rypeskarrennet som står att av vintersesongen, vi får håpe at dei gode snøforholda på Utvikfjellet held seg fram til påska er over. Rypeskarrennet går påskeafta.