Fjelltrimmen 2015

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 15. Nov 2015


Trimpostane til Fj/V har også i år vore godt besøkt.


2.384 deltakarar har hatt 10.275 besøk på dei 6 postane våre, noko som er svært bra.

Det er ca. 700 fleire som har registrert seg i år enn i 2014, samt at der er ca. 1.000 fleire besøk enn i fjor.

Sjå lista her

Trimposten med klart størst besøk, er som før Haugsvarden, med heile 6.856. Dette er over 1.800 fleire enn fjordåret.

Vetestova har også ein fin auke, 730 besøk i år mot 606 i fjor. Auken her er nok Vetestemnet i sommar å takke. Berre denne søndagen var her registrert 99 besøk.

Elles var det litt besøksnedgang frå fjordåret på dei andre fjelltoppane; Svarthammaren, Svinestranda, Blånibba og Dunheia.

Poengsatsane er som før:

  • Haugsvarden5 poeng
  • Svinestranda 5 poeng
  • Vetestova4 poeng
  • Blånibba5 poeng
  • Svarthammaren4 poeng
  • Dunheia6 poeng

176 personar har greidd krava for merke og statuetten (13 fleire enn i fjor).

Krava er:

  • Opp til 60 år,50 poeng
  • Over 60 år,40 poeng
  • Under 10 år,40 poeng

Også i år toppar Terje Hauge fjelltrimlista (2.222 poeng). 356 turar på Haugsvarden + 98 besøk på dei andre toppane. Det er bra på eit år.

Heiderpris i år til to veteranar:

  • 40 år fjelltrim- Håkon Lundestad og Kristen Berge

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.