Fjellhug/Vereide IL - Friidrett

Fjellhug/Vereide IL - Friidrett

Etter jr-NM: Fint overskot til Gloppen-laga

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Friidrett den 28. Des 2015

Junior-NM i friidrett var ein sportsleg suksess - med gode resultat, fleire rekordar, og god omtale i media og frå deltakarar og tilreisande.

Då er det også kjekt å sitje att med eit fint overskot til dei deltakande klubbane. For Fjellhug/Vereide il betyr det kr. 20 000 inn i klubbkassen no før jul.

For oss i friidrettsgruppa er det bra å kunne bidra slik at vi får inntekter til klubben, og her er vi som ved dei fleste arrangementa vi har avhengig av felles innsats på tvers av gruppene i laget. Vi seier tusen takk til alle som var med og jobba for at NM Jr. vart den sportslege og økonomiske suksessen det vart!


Vi får nok fleire arrangement utover der vi hentar hjelp på tvers av gruppene - større skiarrangement som Rypeskarrennet er eksempel på det. Og ikkje minst skal det arrangerast eit NM 19 år i volleyball i mars der Fjellhug/Vereide som ein av arrangørane vil bidra sterkt. På dei mindre stemna vil nok gruppene stort sett halde seg til gruppestyre og foreldre så langt dei kan, sjølv om det er , og bør vere, låge tersklar for å spørje alle medlemene i laget om hjelp.

Eitt av idrettslaget sine største nyttårs-ønskje må kunne vere at fleire kjem til gruppene og seier dei vil vere med å hjelpe til. Her er mange tilflytta som kanskje vi som leiarar ikkje veit om, eller tenkjer på, og det hadde vore kjekt om vi kunne få med oss fleire av desse. Ta kontakt! Gruppeleiarar og andre i grupppene finn du her: http://www.fjellhugvereide.no/p/4193/grupper




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline