FANTASTISK KVELD PÅ KLEIVANE

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 3. Mar 2016


Torsdag 3.mars:Det vart ein fantastisk kveld på Kleivane, med over 100 deltakarar i karusellrennet. Det var veldig kjekt med so mange deltakarar, heilt sikkert ny rekord for i år. Det helt akkurat med saft og kake til alle.

Men med so mykje folk,kle og utstyr skal det noke til at alt blir med heim. So det låg att ein liten sko på parkeringen,eit par ski oppå flata,to par stavar og nokre hanskar. Alt er no samla i hytta,og kan hentast der.

Vi satsar på avslutningsrenn/lagsrenn laurdag 12. mars kl.12.00. Då blir det sprint og skicross i fristil leik og moro. Sjølvsagt saft og kake, og det blir premie til alle.

Kanskje, om vi rekk det, blir det premieutdeling for Telenorkarusellrenna og. Meir info om dette kjem over helga.

Resultatlister kjem når dei er klar.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.