Resultat frå Innandørsstemnet i Trivselshallen

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Jan 2017

Eit fint knippe frå medaljeutdelinga: Bendik Fuglestrand og Simen Sætren Holvik frå STIL, Susanne Skjerdal, Brodd, Malin Hauge Ravnestad, Fj/Vereide og Linnea Botnen og Amalie Os frå Førde.


Du finn resultata her

Innandørsstemnet i Trivselshallen hadde 67 påmelde deltakarar, 12-15 færre enn i fjor. Ein av grunnane var nok at det også var stemne i Ulsteinvik, i den nye friidrettshallen der.

Gledeleg var det då at her kom 12 jenter og gutar frå Jotun i Årdal - kjekt å sjå det gamle storlaget på bana igjen!

Største troppen hadde STIL med 16 deltakarar, medan Fjellhug/Vereide hadde 11.

Resultatlista viser ein del gode resultat i dei ulike aldersklassane. Ikkje så enkelt å samanlikne resultat i ulike øvingar og klassar, men Hornindal il har ei sprek jente i 12 år gamle Ingeborg Sofi Sætren, med fleire gode resultat, m.a. 9,33 i kule. Håkon Hjelle Roset, STIL støytte 5-kg-kula 9,40 m.

Augusta Luggenes, Jotun er 15 år og hoppa 130 i høgde, eit godt resultat. Av våre lokale deltakarar frå Fj/Vereide var 11 år gamle Nicolai Aske Granheim god i høgde, med 1,15 m. Broren Sander på 10 år hoppa 3,36 i lengde, og hadde in flott 60 m på 9,96.

Robert Andre Moldestad, Breimsbygda er som vanleg rask på sprint; 7,57 vart det denne gongen.




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline