Svinestranda opp har flotte sponsorar - TUSEN TAKK!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Jun 2017

Som alle som jobbar med arrangement veit, er ein avhengig av å ha gode sponsorar når ein skal få ting til.

Fjellhug/Vereide Il og Svinestranda Opp har mange flotte medspelarar frå næringslivet, som har vore positive når vi har spurt om dei kan vere med. TUSEN TAKK TIL DESSE! Du finn dei i kolonna til høgre på heimesida vår si framside.

I tillegg til desse har vi alle dei som har vore med og sponsa oss med gåvepremiar. Premie-general Else Tystad og vi andre takkar hjarteleg for den god mottakinga vi har fått i våre lokale butikkar i Gloppen! De er også medverkande til at vi kan ha eit slikt arrangement i kommunen vår!

TUSEN TAKK!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.