Sponsor/ Samarbeidspartnarar: Vi har fem på laget!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Feb 2020

Svinestranda Opp og Gloppen Halvmaraton er to arrangement som har tradisjon i Fjellhug/Vereide IL. Næringslivet i Gloppen hjelper oss kvart år med sponsormidlar for desse (og andre ) arrangement.  For å ha litt langsiktigheit både for oss og bedriftene, ønskjer laget å få til ein samla sponsorpakke som inneheld desse to arrangementa både i 2020 og 2021.  Svinestranda Opp 2020 måtte vi avlyse pga koronasituasjonen, men det løpet vil truleg få Norges-cup-status i 2021.   Gloppen Halvmaraton er NM-arrangement i 2021.

Dei firma som du ser over, er med på sponsorpakken 2020/2021 (og for Svinestranda Opp også 2022)  Det som vi opplever som felles for alle fem bedriftene, er eit samfunnsansvar som går vidare enn botnlinja i rekneskapen.  Dei ønskjer å bidra til at dugnad, frivilligheit, og aktivitetsskapande tiltak skal kjenneteikne lokalsamfunnet vårt.  Det set vi i idrettslaget stor pris på, og vi har ingen problem med å anbefale at  folk nyttar seg av tenestene til       

Accountor, Frydenbø, BANO, Nordfjord Laks, og Sparebanken Sogn og Fjordane!


Vi vil også kome tilbake til andre butikkar og bedrifter og bønder med spørsmål om støtte i mindre format når dei enkelte arrangementa nærmar seg.  M.a. er premiering med lokalt tilsnitt svært populært mellom deltakarane. Ta gjerne kontakt med oss!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.