Også vårt NM Halvmaraton skubba ut eitt år

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Sep 2020


Her, forbi vakre Selvågane i Sandane/Gloppen skulle vi etter planen arrangert  NM Halvmaraton i 2021.
For ei god veke sidan fekk vi melding frå friidrettsforbundet at slik går det ikkje.  Dei har utsett vårt NM til 2022.
Koronapandemien har gjort at fleire NM som skulle gått i år, er avlyste, og dermed flytta til 2021.  Det betyr at dei oppsette NM i 2021 er utsette til 2022, og det gjeld også for vårt.  Synd, og veldig skuffande i våre auge...
For å sjå det positive i det: No får alle sjansen å prøve løypa i år, og alle som deltek no den 3. okt., vil få sjanse til enno ei gjennomkøyring neste år, før dei melder seg på NM i 2022!  
Velkomne til årets Gloppen Halvmaraton, også til neste års, og til NM Halvmaraton i 2022! 
Eit lite PS: Vidar, som skulle arrangere årets NM, kunne ikkje ta det pga at det låg inne i Oslo Maraton, og OM er vel avlyst.  Likevel:  Det skal arrangerast NM halvmaraton i haust, med Jessheim som ekstra-arrangør.  Det gjer det ekstra skuffande å få vårt utsett eitt år.  Men slik blir det gjerne for klubbar i distrikta? Vi skal i alle fall ta godt i mot deltakarane i 2022!
foto: Svein Hjelmeset

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.