Idrettskrinstinget 2016 - utdeling av 40 års merke til Else Tystad

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 19. Apr 2016

Leiar i laget og Else Tystad deltok på Idrettskrinstinget i Florø helga 8. og 9.april.

Fredag var det fagseminar med Bjørge Stensbøl, Jorunn Sundgot-Borgen og eigne krefter fra GFIL Jørund Årdal og Ole Morten Mardal.

Tema for fagseminaret var prestasjonskultur.

Bjørge Stensbøl uttalte "Vi må trene på det vi ønsker å bli gode på for å endre kulturen. Alt handler om kultur og leiing for å bygge prestasjonskultur."

Jorunn Sundgot-Borgen meinte dagens utfordring er at ufaglærte bloggarar sett agendaen. Presset som dagens ungdom utsetjast for oppimot kroppsideal, helse og prestasjon er utfordrande.

GFIL ved Jørund Årdal og Ole Morten Mardal sa i sitt innlegg at "Resultat gjev miljø og miljø gjev resultat." GFIL har lukkast med trening på tvers av idrettane. Det er plass til alle utøvarar på treningane, om ein ynskjer å nå toppen eller delta i eit godt idrettsmiljø.


Lørdag var sjølve Idrettskrinstinget kor utdeling av idrettsmerke var eit av høgdepunkta. Fjellhug Vereide IL kan vere stolte av å ha ein flott representant ved Else Tystad som fekk 40 årsmerke.

Utdelinga sto Nils R.Sandal for, som er leiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins.



1 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.