Oppsummering frå årsmøtet

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Mar 2017

Saklista til årsmøtet i Fjellhug/Vereide Il inneheldt ikkje så mange saker, men dei om lag 20 som møtte fram fekk eit godt innblikk i laget sitt arbeid siste året, samt innsyn i rekneskap 2016 og budsjett 2017. Arbeidsutvalet og gruppene har hatt eit godt og solid arbeidsår, m.a. har arbeidsutvalet kome i mål med ein organisasjonsplan for klubben. Fjellhug/Vereide har 483 medlemer, om lag det same som i 2015. Leiaren, Else Margrethe Larsen er også leiar i Gloppen Idrettsråd.

I starten av møtet delte leiaren ut prisar til velfortente klubbmedlemer. Innsatsprisen gjekk til 16 år gamle Even Nesgård (biletet over). Han er ein aktiv kar som er mest å sjå i skiløypene. Han deltek også på terreng og motbakkeløp og har fine resultat også der.


Det vart også delt ut to heidersprisar i år. Den eine gjekk til Bodil Reed Hammersland for hennar lange og gode innsats for volleyballen i laget. Ho har vore oppmann, trenar og spelar, og brenn for volleyballen.


Jonfinn Aske er æresmedlem i Fjellhug/Vereide, men har tidlegare ikkje fått heidersprisen. Er det nokon som fortener den prisen er det absolutt eldsjela frå Fjellbygda, som brukar mykje tid, energi og tenkjearbeid på det flotte skianlegget på Kleivane. Han er, saman med nokre andre nøkkelpersonar, drivkrafta i det som Fj/V har fått til i løyper og bakkar, og som no framstår som eit flott og verdfullt anlegg.

To forslag vart handsama:

  • Det vart vedteke å gje leiar + nestleiar eller kasserar fullmakt å skrive under dokument for laget. Dette fordi det ofte er upraktisk å kalle saman heile styret for dette.
  • Det vart vedteke ny kontingent for born 0-10 og 11-19 år. Den blir no kr. 200,-. Treningsavgifter, og kontingent for vaksne er uendra.

2016 har økonomisk vore prega av at laget har skifta ut trakkemaskina på Kleivane, og bytt snøskuter. Over 1,5 mill er investert i trakkemaskina. Sal av den gamle, kronerulling, tilskot gjennom skikrinsen, og refusjon av moms var imidlertid med på å gjere utskiftinga overkommeleg for klubben. Denne vinteren har snøen imidlertid vore mangelvare, så ein får håpe at maskina får køyrt seg neste vinter.

Klubben har mange tillitsvalde som skal gjere arbeidet i dei ulike gruppene. I alt 46 personar skal veljast. Arbeidsutvalet held fram, og det består Av Else Margrethe Larsen, (leiar), Berit Aasebø Hauge (nestleiar/sekretær) og Sigtor Tveit (kasserar). Skigruppa, Friidrettsgruppa, O-gruppa, Handballgruppa og Volleyballgruppa vel sine medlemer sjølve, og her var det stor kontinuitet. O-gruppa fekk ny leiar, der Jens Petter Andersen tok over etter Vidar Eide. Liste over tillitsvalde kjem seinare. Astrid Fjellestad Hauge, Dagfinn Nyhammer, Hege Roth-Andenæs og Malin Stubbhaug held fram som leiarar for hhv. Ski, Friidrett, Handball og Volleyball.

Økonominemnda held fram med Roger Sunde Andenæs som leiar, og Barneidrett har Jon Kåre Lundestad som leiar også i 2017. Trimutvalet stiller opp igjen med Bård Kjetil Aske.

I valnemnda er Ingeborg Storås leiar i 2017, medan Magne Vereide og Oddrun U Slagstad er attvalde som revisorar.

Elles var det som vanleg servert gode smørbrød, tebrød og kaffi, og det vart synt lysbilete frå aktivitetane i gruppene i året som gjekk.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.