SFE Motbakkekarusell

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Mar 2017


SFE har også i år støtta oss med midlar slik at vi kan arrangere ein motbakkekarusell i Nordfjord.

Det vert ei lita endring frå tidlegare år; i år vil karusellen bestå av 4 løp, der 3 er teljande. Både konkurranseklasse og mosjonsklasse tel i karusellen .

Løpa går slik:

25. juni: Svinestranda Opp (også Norgescupløp) www.fjellhugvereide.no

2. juli: Trollenykjen Opp (Eid) http://www.motbakke.com/trollenykjen-opp/

8. juli: Vetenløpet (Grotle/Bremanger) http://www.vetenlopet.no/

12. august: Troda Opp (Davik) https://www.facebook.com/groups/460850830737418/?f...

Tre av fire løp tel. Premieutdeling vert under Troda Opp i august.

Premiering:

Premiane vert trekte mellom dei som har minst tre løp. Ved minimum fem deltakarar som har tre løp, vert premieringa slik: Ein premie på kr. 3000,-, og 4 premiar a kr. 1000,-.Ved fire som fullfører vert premieringa 3000/1300. Ved tre som fullfører tre løp vert fordelinga 3000/2000. Og ved 2 som fullfører tre løp, vert premien kr. 4000/3000. Alle som har minst tre løp får SFE Motbakkekarusell T-skjorte!

TAKK TIL ENERGISELSKAPET VÅRT, SOM OPERERER I BREMANGER, EID OG GLOPPEN KOMMUNAR: KJEKT Å HA DEI MED PÅ MOTBAKKELAGET VÅRT!



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline