Skisesongen 2017

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 6. Apr 2017

So lite snø var det på fjellet i slutten av mars


Kort oppsumert har det i år vore dårlegaste snøvinteren på mange år. Dette har ført til at det nesten ikkje har vore løyper på Kleivane skisenter i år. Den nye maskina har fått lufta seg berre nokre få gongar, men då virka den fint. Vi kan også seie TUSEN TAKK til alle som var med og støtta kronerullinga på maskina. Det er synd vi ikkje har fått laga meir løyper både til støylane og til fjells, men slik vart det i år.

Det har heller ikkje vore arrangert karusellrenn, Kleivanerenn eller Rypeskarrenn. Kleivanerennet vart flytta inn til Ullsheim med Markane IL som hovedarrangør, men Jonfinn mfl hjelpte til.

Heller ikkje har det vore felles treningar. Men likevel har vi hatt nokre få ivrige familiar som har følgt sine barn og ungdomar på fleire renn rundt om i fylket.
Andreas Rauset (har vore skada i ein arm heile sesongen) og Even Nesgård er med på Sogn og Fjordane skikrins sitt krinslag, Even har vore med på fleire Norgescup renn for Jr, og elles går han på skilinja på Sogndal vg skule, med gode treningar der.

Even fekk i år utdelt innsatsprisen på Fj/V årsmøtet. Den fekk han for og ha vore/er aktiv i fleire idrettar over mange år. Han har vore med sidan barneidretten, og vore innom dei fleste gruppene i laget, men no satsar han mest på langrenn. Om sommarane deltek han ofte på Motbakkeløp, og har fleire sigrar og gode tider der. Han er også med på sykkelritt rundt om i landet. Vel fortent pris og gratulerer.

Trygve Henden Gaasø er fortsatt aktiv, men slit med div plager endå. Han har delteke på nokre renn utan dei heilt store plasseringane, men viktigaste er å kjenne om kroppen fungerar. Han var bla med på NM del 2 no på tampen av sesongen.

Dei ivrigaste skiløparane i laget i vinter, har nok vore nokre veteranar/Birkebeinarar. Dei har køyrt utallige turar til bla Sogndal og Ullsheim for å trene til Birkebeinerrennet. Leidulv Sollid, 80 år, er av dei ivrigaste og sprekaste veteranane, men han var uheldig og fekk ein skade siste veka før Birkebeinarrennet og fekk dermed ikkje delta. Det tykte vi var trasige greier, men vi ynskjer lukke til med ny sesong.

Rypeskarrennet som pleier å gå av stabelen påskeafta, blir i år avlyst. Men veir og føre kan vi ikkje gjere noke med. Påska er sein, men i vinter har det ikkje vore forhold uansett, so vi får berre satse på ny og betre vinter i 2018.

Det var litt oppsummering frå skigruppa 2017.

GOD PÅSKE !!


1 Kommentar

Kommentarer

  • Fjellhug/Vereide IL

    Flott oppsummering, Astrid! - Oppfordrar fleire grupper å skrive statusrapportar frå sine område, med litt bilete

    06 april 2017

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline