Jubileums-bok

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 25. Apr 2017

Fjellhug/Vereide IL tenkjer langsiktig. I 2024 vil klubben vere 125 år, og då kan det vere eit godt høve å få laga historia om seg sjølv, i bokform.

Sjølv om det er langt fram, har ei nemnd byrja å ta form, og er til og med kome i gang med litt av arbeidet med boka, og organisering av prosjektet.

Øyvind Indrebø, velkjend volleyball-mann i klubben, og mellom dei som starta opp volleyballgruppa er primus motor og redaktør. Med seg i ei hovudgruppe har han Torill Fjellestad, Ingrid Gimmestad, Bjarne Hauge, Arne Klakegg og Dagfinn Nyhammer. Arne Klakegg vil ta ansvar for biletmaterialet som boka skal innehalde, og alt no ber vi om at dei som har gamle og nyare bilete tek kontakt med han.

Torill, Ingrid, Bjarne, Dagfinn og Øyvind har no i starten jobba med å intervjue eldre personar i laget. Det er svært viktig å få dokumentert litt kva desse hugsar og veit frå "gamle dagar". Vi kan røpe at 3-4 intervju er ferdige, og ein god del avtalar er gjort.

Det som står att på organisasjonsområdet er å finne ein person som kan ta ansvar for økonomi, det er som kjent ikkje gratis å gje ut ei bok. Vidare må gruppene jobbe litt med å finne fram stoff om sine område. Her forventar vi at alle føler ansvar for å ta eit tak for at idrettane i laget skal kome godt fram i historia vår.


Telefon og epostar til oss i hovudgruppa:

Øyvind Indrebø: oyvind.indrebo@sfj.no mobil 477 55 507

Dagfinn Nyhammer: dagfinn.nyhammer@enivest.net mobil 412 27 968

Torill Fjellestad: torill.fjellestad@gmail.com mobil 995 48 824

Bjarne Hauge: bjarne.hauge@enivest.net mobil 977 77 396

Ingrid Gimmestad: ingrid.gimmestad@gmail.com mobil 971 64 088

Arne Klakegg: arne.klakegg@sfj.no mobil 950 79 610


Biletet frå møtet i kveld: Arne Klakegg, Torill Fjellestad, Bjarne Hauge og Øyvind Indrebø. Fotograf: Dagfinn Nyhammer




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc