3. plass til jentene på Breimstafetten!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Mai 2017

Jentene i Fjellhug/Vereide overraska seg sjølv og alle andre med å ta ein superfin 3. plass på årets Breimstafett. Julie Skjerdal sette fart på første etappe, og ved starten på bakken opp frå bana var ho 20 meter framfor neste løpar. Gjennom heile stafetten heldt vi 2. og 3. plassen, og det var ein skikkeleg gladgjeng som kunne juble over medalje. Dette er lenge sidan sist.

Gutane gjorde også ein respektabel stafett. Ove Hjelmeset tok like godt leiinga på første etappen. Sjølv om vi måtte sjå at andre ette kvart sprang forbi oss, kom laget inn til ein 7. plass. Mix-laget mellom Fj/V og STIL, med fire reservar frå kvart av laga, kom på plassen etter.

Resultat: http://www.breimstafetten.no/resultat/

Tidsmessig er tidene for gute- og jentelaget dei beste dei har hatt så langt tilbake som vi finn statistikk (2009). Beste plassering har i denne tidsperioden vore jentene sin 4. plass i 2010. Tidsmessig hadde jentene i dag betre tid enn gutane har hatt dei fleste åra frå 2009 til i dag. Med andre ord var dette ein kjempedag for begge laga!

På biletet: Malin Hauge Ravnestad, Mina Vereide Heggdal, Vilde Lothe, Julie Skjerdal, Anna Fjellestad og Cecilie Tveit. June Engeset og Berit Leirgul var reiste heim før medaljeutdelinga.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.