Ungdomen ønskjer organisert trening

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 19. Mai 2017


Fjellhug/Vereide IL har gjort ei undersøking mellom ungdomsskule- og vidaregåande-elevar som soknar til Fjellhug/Vereide om treningsaktivitet, kva dei ønskjer, og om dei ønskjer tilrettelegging, eller fri aktivitet. Grunnlaget for samandraget nedanfor er 58 innleverte svar.

Heile 81 % er med på organiserte treningar, noko som kanskje var litt overraskande. Også kanskje litt uventa at det var 75 % som ønskte organiserte i idrettslag-regi, og at heile 80 % ønskte faste rammer rundt treninga. Uorganisert og "frie aktivitetar" hadde liten oppslutnad.

Samandraget av undersøkinga vart slik:

  • Aktiv deltaking på trening og konkurransar:
    • 93% driv med aktiv trening og/eller konkurransar
    • Ikkje nokon stor skilnad på aldersgruppene, eller mellom gutar og jenter
  • Er med på organiserte aktivitetar i idrettslaget?
    • 81%er med på organiserte treningar
    • 23 av 26 gutar i ungdomsskulealder ER med på aktivitetar i IL-regi
    • 5 av 7 jenter i ungdomsskulealder er IKKJE med på aktivitetar i IL-regi.
    • 2 av 4 gutar på VGS er IKKJE med på aktivitetar i IL-regi.
    • 8 av 9 jenter på VGS ER med på aktivitetar i IL-regi
    • Alle over 20 år ER med på aktivitetar iIL-regi
  • Kjekkaste aktivitetar
    • Innan- og utandørsaktivitetar er om lag like populære
    • Aktivitetar sommarstid er meir populært enn vinter-idrett.
    • Lagidretten er prioritert i høve til individuell idrett
      • Gutar GU: 80/20 % - lag/individuell
      • Jenter GU:om lag 60/40 %- lag/individuell
      • Gutar VGS: 80/20 % - lag/individuell
      • Jenter VGS: 80/20 %- lag/individuell
      • > 20 år:100/0 %- lag/individuell
  • Tilrettelegging frå idrettslaget, eller fri organisering utanom idr.l.:
    • 75 % ønskjer organiserte treningar i il-regi, 25% føretrekkjer uorganisert
      • Gutar GU: 85/15 % - org/fritt
      • Jenter GU: 55/45% - org/fritt
      • Gutar VGS: 70/30% - org/fritt
      • Jenter VGS: 70/30% - org/fritt
      • >20:80/20% - org/fritt
  • Faste rammer på treningane, eller uorganiserte og meir frie aktivitetar?
    • 80% ønskjer faste rammer i treninga
      • Om lag lik fordeling i alle aldersgrupper
  • Kva tilbod bør prioriterast av idrettslaget:
    • Volleyball , Handball, og fotball + basistrening er mest nemnde.





0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline