Innbyding til Regionsleikar i friidrett

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 1. Sep 2017

Regionsleikane  8 - 12 år

 

Fjellhug/Vereide il inviterer til Regionsleikar i friidrett  8-12 år på Byrkjelo Stadion

Søndag 17. september kl 14.00

Regionsleikane tradisjonelt har vore eit stemne for Nordfjord,  men vi inviterer no heile krinsen til stemnet på Byrkjelo.

Dette er eit «3-kamp»-stemne, med øvingane 60 m – lengde –kule på programmet, og der alle i utgangspunktet er med på alle tre øvingane.  Skulle nokon av ein eller annan grunn ikkje ønskje å vere med i ei øving, er det sjølvsagt ok.  Vi legg inn ein 600 m til slutt i stemnet, då det er fleire som ofte ønskjer seg eit lenger løp

Vi har rimelege startpengar; kr 130,- pr deltakar for alle øvingane samla

Påmelding på epost til dagfinn.nyhammer@enivest.net seinast innan fredag 15. september kl 17.00. Vi treng informasjon om fødselsår, namn og klubb.

Regionsleikane-medalje til alle! 

Startpengar overførast samstundes med påmelding til konto 3705 33 01917.

 

Vel møtt til eit av dei siste friidrettsstemna på bane for i år! 

Kontaktperson:  Dagfinn Nyhammer – mobil 41227968

 

Ver bra og hald påmeldingsfristen!  Påmeldingsansvarleg er på reise laurdag, så det vil dermed ikkje vere mogeleg med påmeldingar denne dagen.

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc