Nordstrandsløpet på søndag

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 29. Sep 2017


Komande søndag er det klart for Nordstrandsløpet.

Løypa er velkjend, med start på Nordfjord Folkehøgskule, vendepunkt på Hauge, og same veg tilbake til utgangspunktet.  Løypa er i alt 6,7 km.

Klassane er 12-15, 16-19, 20-23, senior og veteran (5-årsklassar).  Premieringa er god, med Nordstrandsløp-medaljen til alle, og premiar på loddtrekking.

Dette er også siste løpet i årets Nordfjordkarusell, og det vert også premieutdeling for karusellen etter løpet.

Trimkllassen startar kl 15.00-15.30.  Startkontingent kr 50,- /30,- (born u/15 år). Familie (foreldre/born)  kr. 90,-.

Konkurranseklassen startar kl 16.00.  Startkontingent kr. 100,- + evt. eingongslisens.

Folkehøgskulen er medarrangør i løpet, og plar skape god stemning i målområdet!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc