Gloppen Halvmaraton: I år med ein 10-km for trimmarar

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 3. Okt 2017

Ved denne raude garasjen (ca 400 m forbi kyrkja på Arnestad) er vendepunkt for den nye trim-distansen vi arrangerer saman med Gloppen Halvmaraton.  Då har løparane sprunge 5 km, før dei snur stega mot mål ved Idrettsplassen.

Vi har såleis eit 10 km alternativ til dei som synest at den doble distansen er i lengste laget, og det kan vere ein god test for å sjå om ein skal ta 21 km neste år.  Startar ein opp i år, har ein også eit resultat å måle seg mot seinare år...

Dette er eit trim-løp, der målet er å kunne ha seg ei god treningsøkt, konkurrere med andre som har same målet, og teste seg sjølv litt.  Arrangøren legg ikkje opp til noko voldsom premiering, men ein deltakarmedalje fortener dei som er med.

Sidan det har vore etterlyst tilbod om ein trim-distanse frå løparar som vil ha eit kortare alternativ, håpar vi at det vert så mange deltakarar med at det også kan dukke opp neste år.

Startpengar er kr. 50,-. 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc