Fjelltrimmen: Haugsvarden mest besøkt

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Nov 2017

   Fjelltrimmen 2017

Nordstrandsfjella er framleis det mest attraktive trimtilbodet i Gloppen.

At 3.112 deltakarar har registrert seg 10.595 gonger på dei 6 trimpostane som Fjellhug/Vereide har, syner det.

 

Haugsvarden er den klart mest besøkte posten. For dei andre postane er heller ikkje så stor  variasjonen frå år til år. Totalt 10.595 besøkande i 2017 mot i fjor 10.718 besøkande.

 

 

Poengsatsane er som før:

  • Haugsvarden              5 poeng           7.004 besøk     (i fjor 7.233 besøk)

  • Svinestranda               5 poeng           1.250 besøk     (i fjor 1.299 besøk)

  • Vetestova                   4 poeng              595 besøk     (i fjor 660 besøk)

  • Blånibba                     5 poeng              978 besøk     (i fjor 915 besøk)

  • Svarthammaren          4 poeng              361 besøk     (i fjor 322 besøk)

  • Dunheia                      6 poeng              407 besøk     (i fjor.289 besøk)

 

170 personar har greidd krava for merke og statuett.

Krava er:

  • Opp til 60 år,  50 poeng

  • Over 60 år,      40 poeng

  • Under 10 år,    40 poeng

 

Magne Hauge har høgast poengsum i år, 2.181 poeng.

 

Heiderpris i år:

  • 30 år fjelltrim – Reidar Føleide og Per Einar Andenæs

 

 

 

Ansvarleg for merke og statuettar:    Trimutvalet v/Rune Hauge

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.