Fjelltrimmen: Sebastian Bakkelid best mellom dei yngste

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Nov 2017

Sebastian Bakkelid sanka seg 168 poeng på fjelltrimmen 2016, og var såleis beste ungdom under 15 år på Fjellhug/Vereide sin Fjell-Trim.

Sjå oversikta her

Elles tok som vanleg familien Hauge for seg i dei andre klassane, på biletet har vi ansvarleg for fjelltrimmen, Rune Hauge, på  den truleg mest besøkte toppen i Gloppen; Haugsvarden.

Trimgruppa jobbar elles med å organisere elektronisk registrering av besøk på trim-postane, noko som fleire lag i Gloppen har teke i bruk, og som også er etterspurt av turgåarar.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc