Styremøte i Fjellhug/Vereide il

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 23. Nov 2017

      

Onsdag kveld hadde idrettslaget styremøte, der ulike orienteringssaker + vanlege styresaker var på agendaen.

- Fjellhug/Vereide held på med ei jubileumsbok til 125-årsjubileet, der Øyvind Indrebø er primus motor og leiar av dette arbeidet. Han orienterte styret om bokprosjektet. Nemnda er starta opp med arbeidet, m.a. med intervju og samtalar med den eldre garde i laget.  Dette arbeidet vil halde fram ei tid, og deretter blir det meir graving i historia gjennom arkiv, gamle aviser m.m.  Med i nemnda er Ingrid Gimmestad, Bjarne Hauge, Torill Fjellestad, Dagfinn Nyhammer, Arne Klakegg og Per Rune Vereide.  Fleire vil måtte kome til etter kvart, når her er fleire tema og område som skal dekkast. 

- Ståle Austrheim var med i styremøtet for å orientere litt om tankar kring veg og framkomst til støylar og hyttefelt, etter som vegen gjennom Engesetåsen er rimeleg utrygg for nedfall av stein.  Dersom det er aktuelt med framkomst over Kleivane, vil dette også involvere idrettslaget og området ved skianlegget.  Førebels er dette på tankestadiet, og det kan vere ei tid før ein ser konkrete løysingar.

- Vegard Fagerli, tidlegare leiar i valnemnda, orienterte om nokre problemstillingar rundt manglande tillitsvalde i grupper i laget.  Valnemnda sjølv mangla også to personar som det hastar litt med å få på plass.  Ein har også fått påpeika at vi har ein mangel i styresamansetjinga, då det skal utpeikast vara for alle styremedlemene.

- Idrettslaget har gjort ei undersøking mellom ungdom som soknar til Fj/Vereide om dei er opptekne av idrett og trening, kva aktivitetar dei ønskjer, om ein manglar tilbod, osv.  Denne undersøkinga er også oversendt til Sogn og Fjordane Idrettskrins, som har funne den interessant, og ønskjer å følgje den opp.

- Kasserar Sigtor orienterte om utskiftinga av lysarmatur i skiløypa på Kleivane.  Idrettslaget har fått tilskot, men må også betale ein god del sjølv.  Utskiftinga er no ferdig, og lyset er flott, vert det meldt.  Og ikkje minst bør det kunne sjåast igjen på ei rimelegare straumrekning.

- Alle gruppene fekk utskrift av medlemslista, der ein vart bedne om å gjennomgå listene med tanke på å stryke dei som ikkje er medlemer lenger.  Det vart også levert inn lister over dei som er med på treningane, slik at kasserar kan sende ut rettast mogeleg giroar for medlemskontingentar.

- Gruppene vart også minte om å framskaffe politiattestar på trenarane, her er det ikkje 100% enno frå alle gruppene.

- Økonomi.  Laget har grei økonomi, sjølv om det er fleire store utbetalingar som ventar før årsskiftet. 

- Orientering frå gruppene.  Alle driv rimeleg greitt.  Barneidrett har treningar for dei yngste, med bra oppmøte.  Trimgruppa har brukbart oppmøte, med litt færre på sirkeltreninga i år, samanlikna med i fjor. Skigruppa har fått uventa tidleg snø, og har køyrt opp løyper.  Volleyball har treningar og seriespel, det same gjeld handballgruppa, som har dei yngste med i minihandball.  Friidrettsgruppa har trening innandørs saman med STIL for 8-12 år, og skal ha eit innandørsstemne i Trivselshallen 14. januar. 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc