Innbyding til Innandørsstemne i Trivselshallen

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Des 2017

Fjellhug/Vereide IL og Sandane T&IL har gleda av å innby dykk til innandørs friidrettsstemne i Trivselshallen på Sandane.

Søndag 14. januar  kl 13.00

Klassar:  Gutar, jenter, menn og kvinner, 8 år (f. 2010)  og eldre

Øvingar:  60 m m/ elektronisk tidtaking. Lengde, høgde og kule.

Startpengar pr. øving: kr 60,- til og med 12 år (2006), og kr. 90,- for dei som er eldre.  Kontonummer startpengar (betalast samstundes med påmelding): 3705.33.01917

Premiering: Deltakarmedalje til alle.

Kiosk i foajeen i hallen.

NB! Benytt høvet til å prøve det fantastisk flotte badeanlegget, Trivselsbadet! Ekstra godt tilbod til dei som deltek på stemnet, eller er med deltakarane: Kr. 50,- i rabatt på billettane til bassenget!

Påmelding til Dagfinn Nyhammer på epost  dagfinn.nyhammer@enivest.net   innan torsdag 11. januar kl 20.00.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc