Fjellhug/Vereide IL - Ski

Fjellhug/Vereide IL - Ski

Telenorkarusellrenn

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 8. Jan 2018

Laurdag 13.januar kl.13.00

Karusellrenn i fristil for alle klasser.
Dette er uhøgtidlege renn med forskjellige løypelengder alt etter alder.
Påmelding helst på førehand (då slepp vi den lange køen på Kleivane) til Astrid Hauge innan laurdag kl.10.00 eller på Kleivane før kl 12.00.
Kr.50.- pr stk. Alle som deltek, får fine premiar både frå Telenor og etter antal renn ein deltek på. 
Det vert varm saft og kanskje kake etter at ein kjem til mål.
Vel møtt!




Vi (Astrid Hauge)  treng frivillige til å hjelpe til, er det noken som melder seg?? Løypevakter, start og mål, saft/kake?? Send meg ei mld, so set eg opp liste uti veka :-) Det blir forhåpentlegvis 3 renn til,so om det ikkje passar denne gongen, blir det nye sjansar ;-)

 Andre renndagar kan bli desse : torsdag 18/1,onsdag 24/1, søndag 4/2+ evt lagsrenn Vi får ta det etter kvart.

 Vel møtt!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc