Svinestranda Opp 2018: Jonsokafta

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 4. Mar 2018

Arrangementsdato for Svinestranda Opp 2018 er bestemt.  Det vert i år på jonsokafta, laurdag 23. juni.

Vi fekk ikkje tildelt NorgesCup-status i år, men det vil bli søkt om for 2019. Evt. vil vi diskutere om vi skal søkje NM Motbakkeløp for neste år.

Men i år vert det altså eit vanleg Svinestranda Opp, der vi håpar på god deltaking, og god støtte frå sponsorar og dei som må vere med å hjelpe til

Svinestranda Opp er også med i SFE Motbakkekarusell (vi har pr. i dag ikkje fått svar frå SFE om dei er med i 2018), der Trollenykjen Opp, Vetenløpet, og Troda Opp også er med.  Dei som er med på tre av løpa, vil vere med i konkurransen om pengepremiar sponsa av Sogn og Fjordane Energi.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline