KM Terrengløp søndag 15.april

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Mar 2018


15/4 2018: KM Terrengløp/ 2. runde i Nordfjordkarusellen

Fjellhug/Vereide Il inviterer til KM i terrengløp på Sandane.  Dette er også samstundes 2. runde i Nordfjordkarusellen.

Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (barkeløypa), ei lettkupert løype, der ein runde er 1800 m.  Det er ulike distansar alt etter klasse.

Dato og tidspunkt:  Søndag 15. april.  Hovudstart er kl 15.00.  Det vert eit miniløp for born før KM-distansane.

Klassar og distansar:

*  G/J 13 og 14 år:  600 m

*  G/J 15 og 16 år:  1200 m

*  G/J 17 og 18 år, menn junior, og kvinner jr/sen/vet: 1800 m

*  Menn sen/vet: 3600 m

Påmelding: Helst på førehand, innan fredag, på epost til dagfinn.nyhammer@enivest.net .  Også påmelding fram til 1 time før start, mot ei tilleggsavgift.  Sjå elles her: http://mosjon.friidrett.no/  eller her: https://mosjon.friidrett.no/pa...

Startpengar:

- 13-14 år: kr. 60,- (ikkje eingongslisens i desse klassane)

-  15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding same dag: kr. 30,- i tillegg.  Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens)

-  Betalast inn til kontonummer 3705 33 01917

Garderobar:  Det er diverre ikkje garderobar ved løypa.  Næraste er i Trivselshallen (Firdahallen), der ein får nytte garderobar og toalett. Desse er opne til kl 17.00.

KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse, og uttrekking av gåvekort i Nordfjordkarusellen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.