Rypeskarrenn i strålande påskever!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 31. Mar 2018



Rypeskarrennet 2018 vart arrangert i strålande påskesol på Utvikfjellet i dag.  Arrangør var som vanleg Fjellhug/Vereide Il.

I trimklassen nytta svært mange høvet å gå over fjellet til Kleivane i Fjellbygda, og i alt var det nok om lag fire hundre i turklassen.  I konkurranseklassane deltok i overkant av 60 løparar, der Bodil Ryste, Gaular var raskaste dame i 23km-løypa, medan Jon Rolf Skamo Hope, Hyen vann herreklassen.

Dei yngre løparane gjekk 10 km, der Markane-løparen Oskar Guddal Breivik i G15-16 hadde beste tid.  

Resultat finn du HER

Biletserie finn du i Galleri i menyen over




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline